Gassarsongarfamilien | |
![]() Gassarsongar, Bernieria madagascariensis, var tidlegare klassifisert som Bylbylarbylbyl med norsk namn langnebbylbyl Foto: danielguip
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gassarsongarfamilien Bernieridae Cibois, David, Gregory & Pasquet, 2010 |
Gassarsongarfamilien er ein nyleg anerkjent klade Bernieridae av underordenen songfuglar i Passeriformes.[1][2][3] Denne biologiske familien samlar elleve artar av små fuglar, alle endemiske for Madagaskar.
Allereie i 1934 vart det gjort framlegg om denne monofyletiske gruppa[4]. Men ein heldt fram med den tradisjonelle klassifiseringa av desse fuglane grunna feiltydingar av konvergerande evolusjon og mangel på tilpassa forsking. Gassarsongarar var tidlegare lagt til Pycnonotidae, bylbylar, Sylviidae, songarar og særleg Timaliidae, timalar.
Det var ikkje før det var gjort DNA-analysar[5][6] at den lenge føreslåtte grupperinga vart akseptert.
Fleire av desse artane er særs lite kjente, og vart skildra av vitskapen for kort tid sidan. Skogbotntetraka, Xanthomixis apperti, vart skildra i 1972 og betsimisarakasongar, Cryptosylvicola randrianasoloi, i 1996. Alle artar i slekta Xanthomixis med unntak av lorgnettetraka, Xanthomixis zosterops, er trua av tap av habitat, og er oppført som sårbare på IUCN raudliste.
Dei fleste gassarsongarar lever i dei fuktige regnskogane på austre Madagaskar, men nokre artar finst i dei tørrare sørvestre delar av øya. Dei lever av insekt og vil danne fleirartsflokkar frå opp til seks artar, medan dei beitar.
Gassarsongarar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[8]
Slekt Oxylabes, tidlegare timal
Slekt Bernieria, tidlegare bylbyl
Slekt Cryptosylvicola, tidlegare Sylvidae-songar
Slekt Hartertula, tidlegare timal
Slekt Thamnornis, tidlegare Sylvidae-songar
Slekt Crossleyia, tidlegare timal
Slekt Xanthomixis, tidlegare bylbylar
Slekt Randia, tidlegare Sylvidae-songar