Gaular kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Sande | ||
Areal | 582 km² | ||
- land | 541 km² | ||
- vatn | 41 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Mathias Råheim (H) | ||
Kommunenr. | 1430 | ||
Gaular kommune 61°20′02″N 5°47′20″E / 61.333888888889°N 5.7888888888889°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Gaular | |||
Nettstad: www.gaular.kommune.no | |||
Gaular er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke. Frå 1. januar 2020 blei området del av Sunnfjord kommune.
I vest grensa kommunen mot Fjaler og dekte indre delar av Dalsfjorden. Vidare strekte kommunen seg austover langs med Gaulavassdraget inn mot Gaularfjellet og Jostedalsbreen. Mot aust grensa kommunen mot Balestrand.
I nord grensa kommunen mot Førde og Askvoll. Førde var den næraste byen for Gaular og flyplassen til Førde (Førde lufthamn, Bringeland) låg i Gaular.
I sør grensa kommunen mot Høyanger i Sogn.
Det var tre hovudbygder i kommunen, Bygstad i vest, Sande og Viksdalen i aust. Busetnaden er ganske spreidd og det er få klare skilje mellom bygdene. Kommunesenteret var på Sande, der også den største skulen er plassert.
Folketalsutvikling for Gaular kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3251a | 3216a | 3234a | 3039a | 2843a | 2604a | 2877a | 2924 | 2857 | 2778 |