Gaupne gamle kyrkje | |||
Gaupne gamle kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Indre Sogn | ||
Sokn | Gaupne | ||
Fellesråd | Luster | ||
Stad | Gaupne | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Lafta | ||
Sitjeplassar | 130 | ||
Diverse | Eigd av Fortidsminneforeninga | ||
Gaupne gamle kyrkje 61°24′29″N 7°17′50″E / 61.4081°N 7.29722°E | |||
Wikimedia Commons: Gaupne gamle kyrkje | |||
Gaupne gamle kyrkje er ei lafta langkyrkje som avløyste ei stavkyrkje som stod i same området i Gaupne i Luster kommune i Vestland. Ho vart bygd mellom 1647–1652, og er eit døme på gammal luthersk stil.
Kyrkja har eit enkelt ytre, noko som var vanleg på den tida kyrka vart bygd, men taket og veggane inn i kyrkja står i sterk kontrast til dette. Alle veggane er måla i gult og raudt, og dekorert med blomstrar og drueklasar. Det er også måla bilete av alle apostlane. Veggane vart dekorert i 1658-60 av Nils målar.
Fleire delar frå stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane. Desse er pryda med utskjeringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan. Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert. Altertavla i kyrkja er ei typisk katekismetavle frå reformasjonstida.
Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsokgudstjenesta.
I 1909 var kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga. Den nye soknekyrkja, Gaupne kyrkje, var då alt teken i bruk.