Geikielitt | |||
![]() Krystallar av geikielitt frå Maxwell-brotet i Chelsea i Outaouais i Québec. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksidmineral | ||
Kjemisk formel | MgTiO3 | ||
Strunz-klassifisering | 04.CB.05 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Svart, rubinraud uvanleg; raude interne refleksjonar | ||
Krystallform | Tabular prismatisk krystall, òg som fingranulerte massar | ||
Krystallsystem | Trigonalt | ||
Tvilling | På {120}, uviss | ||
Kløyv | God på {1011} | ||
Mohs hardleiksskala | 5-6 | ||
Glans | Submetallisk | ||
Strekfarge | Purpur-brun | ||
Transparens | Opak til gjennomskinnleg | ||
Spesifikk vekt | 3,79-4,2 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Uniaksial (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 2.310 - 2.350 nε = 1.950 - 1.980 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.360 - 0.370 | ||
Pleokroisme | Svak, O = rosa-raud, E = brunaktig til purplurraud | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Geikielitt er eit magnesium-titan-oksidmineral med formel MgTiO3. Det høyrer til ilmenittgruppa. Det krystalliserer til ein trigonal struktur og dannar ein opak, svart til raudaktig svart krystall.
Geikielitt var først besskildra i 1892.[4] Ein finn stoffet i edelsteinbærande sand på Sri Lanka. Det vart oppkalt etter den skotske geologen Sir Archibald Geikie (1835–1924).[3] Det opptrer i metamorfose i urein magnesisk kalkstein, i serpentinitt utvunne frå ultramafiske bergartar, i kimberlitt og karbonatitt. Nærståande mineral inkluderer rutil, spinel, klinohumitt, perovskitt, diopsid, serpentin, forsteritt, brucitt, hydrotalsitt, kloritt og kalsitt.[1]