George Thorogood | |||
Thorogood i The Fallsview Casino ved Niagara Falls i Ontario (2006) | |||
Fødd | 24. februar 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wilmington i Delaware | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1974 | ||
Sjanger | Bluesrock,[1] boogierock | ||
Instrument | Vokal, gitar, munnspel | ||
Tilknytte artistar | The Delaware Destroyers | ||
Plateselskap | EMI, Eagle, Rounder, MCA, CMC | ||
Verka som | Musikar |
George Lawrence Thorogood (fødd 24. februar 1950) er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar frå Wilmington i Delaware.[1] Den «høgenergiske boogie-bluesen» hans vart populær på radiostasjonar som spelte rock i 1980-åra, med hittar som «Bad to the Bone» og «I Drink Alone».[2] Han populariserte òg eldre songar av amerikanske ikon, som «Move It on Over», «Who Do You Love?» og «House Rent Boogie/One Bourbon, One Scotch, One Beer».[3]
Med bandet sitt, The Delaware Destroyers, har Thorogood gjeve ut over 20 album, og to av dei har selt til platinaplate i USA og seks til gullplate. Han har selt 15 millionar plater verda over.
Thorogood byrja karrieren sin tidleg i 1970-åra som akustisk soloartist i liknande stil som Robert Johnson og Elmore James[2] etter å ha blitt inspirert på ein John P. Hammond-konsert.[4] Kort tid etter skipa han eit band, The Delaware Destroyers, med ein skulekompis, trommeslagaren Jeff Simon.[2] Med fleire musikarar utvikla dei sin eigen stil, ei blanding av Chicago blues og rock and roll.[4] Dei første konsertane deira var i The Rathskeller på University of Delaware og i The Deer Park Tavern.[5] Til slutt korta dei ned bandnamnet til The Destroyers. På denne tida arbeidde han òg som scenearbeidar for Hound Dog Taylor.[6]
Thorogood spelte inn ein demo, Better Than the Rest, i 1974, men denne kom ikkje ut før i 1979. Den største platedebuten hans kom i 1976 med albumet George Thorogood and the Destroyers, som kom ut i 1977. I 1978 gav Thorogood ut det neste albumet sitt med The Destroyers kalla Move It on Over, med ein versjon av Hank Williams sin «Move It on Over». «Please Set a Date» og ei omarbeiding av Bo Diddley-songen «Who Do You Love?» kom ut i 1979.
Seint i 1970-åra hadde Thorogood og bandet hans base i Boston. Han var vener med Jimmy Thackery frå det Washington, D.C.-baserte bluesbandet The Nighthawks, og dei hadde faste spelejobbar vis-a-vis kvarandre på to klubbar i Washington. Ved midnatt brukte begge banda å spele Elmore James sin «Madison Blues» i same toneart og Thorogood og Thackery gjekk ut på gata, der dei utveksla gitarakkordar og gjekk inn til det andre bandet i den andre klubben.[7]
Thorogood fekk vist seg for eit større publikum då han var oppvarmingsartist for The Rolling Stones på den amerikanske turneen deira i 1981. Han var òg musikalsk gjest på Saturday Night Live i oktober 1982. På denne tida turnerte Thorogood and The Destroyers mykje[8] og dei spelte i alle dei 50 amerikanske statane på 50 dagar.[9]