Gian Francesco Malipiero

Fødd18. mars 1882
FødestadVenezia
Død1. august 1973 (91 år)
DødsstadTreviso
FødenamnGian Francesco Malipiero
OpphavItalia, Kongedømet Italia
Sjangeropera
Verka somkomponist, musikkforskar, direktør
PrisarHonorary Member of the International Society for Contemporary Music

Gian Francesco Malipiero (fødd 18. mars 1882 i Venezia, daud 1. august 1973 i Treviso) var ein italiensk komponist, musikkhistorikar og musikkpedagog.

Liv

[endre | endre wikiteksten]

Malipiero var fødd i ein aristokratisk familie i Venezia, og var barnebarn av komponisten Francesco Malipiero. Foreldra skilde lag i 1893, og han blei teken av faren til Trieste, Berlin og til slutt Wien. Etter ein bitter krangel med faren vend Malipiero tilbake til mora i Venezia i 1899, og blei elev ved Liceo Musicale(no Conservatorio Benedetto Marcello di Venezia.[1]

Ei tid studerte han kontrapunkt med Marco Enrico Bossi. Studiane blei avbrotne, og Malipiero fortsette på eiga hand ved å kopiera notar til verk av Claudio Monteverdi og Girolamo Frescobaldi frå Biblioteca Marciana i Venezia. Dette gav han eit livsvarig forhold til komponistane frå denne tida. I 1904 gjenopptok han studia med Bossi, og blei etter eksamen assistent for den blinde komponisten Antonio Smareglia.[2]

Frå 1906 til 1909 var han ofte i Berlin,[3] der han følgde førelesingane til Max Bruch.[4] I 1913 flytta Malipiero til Paris, der han fekk kjennskap til komposisjonar av Ravel, Debussy, Falla, Schönberg og Berg. Han var på premieren til Vårofferet av Stravinskij, kort tid etter å ha møtt Alfredo Casella og Gabriele d'Annunzio.[2][3] Han omtalte opplevinga som ei oppvakning frå ein farleg letargi.[1][2] Etterpå forkasta han nesten alt han hadde komponert til då, bortsettt frå Impressioni dal vero (1910–11).[1]

I 1917 var Malipiero nøydd til å flykta frå Venezia etter at italienske styrkar hadde lidd nederlag ved Caporetto som del av første verdskrigen. Han slo seg ned i Roma. Han var professor ved konservatoriet i Parma frå 1921 til 1924. I 1923 grunnla han saman med Alfredo Casella og Gabriele D'Annunzio Corporazione delle Nuove Musiche. Dette året slo han seg også permanen ned i småbyen Asolo.[5]

Malipiero stod på god fot med Benito Mussolini heilt til han tonesette Luigi Pirandello sin libretto La favola del figlio cambiato. Sjølv om han dediderte den neste operaen sin, Giulio Cesare, til Mussolini, klarte han ikkje innynda seg hjå fascistane att.

Frå 1932 var han professor ved Venice Liceo Musicale, som han leia frå 1939 til 1952.

Frå 1926 til 1942 arbeidde han med verket han er blitt mest kjend for, ei komplett utgåve av alle verka til Monteverdi. Etter 1952 arbeidde han med å gje ut konsertane til Vivaldi ved Istituto Italiano Antonio Vivaldi.

Verk

[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Opera

[endre | endre wikiteksten]
  • I La morte delle maschere
  • II Sette canzoni
  • III Orfeo
  • I La bottega da caffè
  • II Sior Todero Brontolon
  • III Le baruffe Chiozotte

Orkesterverk

[endre | endre wikiteksten]

Khammermusikk

[endre | endre wikiteksten]

Pianomusikk

[endre | endre wikiteksten]

Vokalverk

[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 John C.G. Watherhouse (1993). "Gian Francesco Malipiero (1883–1973)". In Symphonies nos.3 and 4 · Sinfonia del mare (pp. 3–5) [CD booklet]. Germany: Naxos.
  2. 2,0 2,1 2,2 «G.F.MALIPIERO – LIFE». rodoni.ch. 
  3. 3,0 3,1 Laureto Rodoni, «Caro Lualdi…». I rapporti d'arte e d'amicizia tra G.F.Malipiero e A.Lualdi alla luce di alcune lettere inedite, [1]
  4. «G.F.Malipiero». Universal Edition. 
  5. John C.G. Watherhouse (1993). "Gian Francesco Malipiero (1883–1973)". In Symphonies nos.1 and 2 · Sinfonie del silenzio e della morte (pp. 3–5) [CD booklet]. Germany: Naxos.