Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Svana |
Rektascensjon | 20h 46m 12.68236s[1] |
Deklinasjon | +33° 58′ 12.9250″[1] |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 2.480[2] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | K0 III[3] |
U−B fargeindeks | +0.860[2] |
B−V fargeindeks | +1.030[2] |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | –12.41[4] km/s |
Eigarørsle (μ) | RA: 355.66[1] mas/år Dek.: 330.60[1] mas/år |
Parallakse (π) | 44.86 ± 0.12[1] mas |
Avstand | 72,7 ± 0,2 ly (22,29 ± 0,06 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | +0.78 ± 0.03[5] |
Detaljar | |
Masse | ~2[6] M☉ |
Radius | 10.82 ± 0.14[7] R☉ |
Luminositet | 62 ± 3[7] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 2.8[4] cgs |
Temperatur | 4,710[4] K |
Metallisitet [Fe/H] | –0.27[4] dex |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 3.0 ± 1.0[5] km/s |
Alder | ~1.5[6] mrd. år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Epsilon Cygni eller Gienah (ε Cyg, ε Cygni) er ei stjerne i stjernebiletet Svana. Denne Bayernemninga er frå Johann Bayer-atlaset Uranometria frå 1603. Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,48,[2] er ho lett synleg for det nakne auga om natta og er ei av dei mest lyssterke stjernene i Svana. Namnet Gienah kjem frå det arabiske ordet for «vengje». Basert på parallaksemålingar ligg Epsilon Cygni kring 73 lysår frå jorda.[1]
Epsilon Cygni er ei kjempestjerne med spektralklasse K0 III.[3] Dette indikerer at stjerna har forlate hovudserien og byrja dei siste stadia av stjerneutviklinga si. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[9] Den effektive temperaturen til fotosfæren til sola er 4 710 K, som gjev Epsilon Cygni ein oransje farge som er karakteristisk for klasse K-stjerner.[10] Denne stjerna har nesten 11 gonger solradien og er kring 62 gonger så lyssterk som sola.[7]
I 1920 vart det indikert at stjerna var ei spektroskopisk dobbeltstjerne. Ho har ei optisk følgjestjerne, Epsilon Cygni B, som ikkje er fysisk knytt til Epsilon Cygni A, og ei stjerne med same eigarørsle, Epsilon Cygni C med storleiksklasse 13, som ligg 78 bogesekund unna.[11] Om den sistnemnde er knytt til Epsilon Cygni A via gravitasjonskrefter, så er det for tida 1700 AU eller meir mellom dei, og har ei omlaupstid på minst 50 000 år.[6] Radialsnøggleiksobservasjonar av Epsilon Cygni indikerer at ho kan ha ein mogeleg følgjar med ei omlaupstid på 15 år.[11]