62°58′15″N 7°46′45″E / 62.970833°N 7.779167°E
Gjemnessundbrua | |||
| |||
Type | hengebru, vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Gjemnes og Bergsøya i Noreg | ||
Opna | 1992 | ||
Strekning | E39 | ||
Lengd | 1 257 meter | ||
Høgd | 108 meter | ||
Kryssar | Gjemnessundet | ||
Utforming | Hengebru | ||
Transporterer | Biltrafikk – 2 felt | ||
Trafikk | 3 427 (2022)[1] | ||
Gjemnessundbrua 62°58′13″N 7°46′44″E / 62.97027778°N 7.77888889°E |
Gjemnessundbrua er ei hengebru som kryssar Gjemnessundet mellom Gjemnes på fastlandet og Bergsøya i Møre og Romsdal. Gjemnessundbrua opna i 1992. I dag er brua ein del av Europaveg 39.
I totallengd er ho den lengste hengebrua i Noreg, men ikkje ut frå enkeltspenn. Brua er 1257 meter lang, hovudspennet er 623 meter og seglingshøgda er 43 meter. Brua har 21 spenn.
Gjemnessundbrua er ein del av «Krifast», fastlandssambandet til Kristiansund. Krifast er eit trekantsamband, der tre vegar har møtepunktet sitt på Bergsøya. Bompengar finansierer ein del av dette veganlegget og bomstasjonen ligg på Bergsøya, i knutepunktet mellom desse tre vegane.
Gjemnessundbrua har den nest største krykkjekolonien i Møre og Romsdal og ein av dei største i landet. På kvart av bruspenna ligg det tett i tett med krykkjereir. Krykkjer er kolonihekkarar og bygger reir i bratte fjell (fuglefjell) på små berghyller. De små framspringa på bruspennet er utmerka rugeplass for krykkjer.
Eit stort problemet er fugleskit som tærer på betongen og skadar han. Betongen vert meir sårbar for saltinntrengning som gjer at armeringen rustar. Mange bruer må reparerast fordi det salte sjøvatnet trekker inn i betongen og får armeringsjernet til å ruste.
Kolonien har vore uønskt i fleire år, men krykkjene har nekta å forlate hekkeplassen. I staden for å jage vekk krykkjene legg Vegvesenet til rette for at krykkjene kan bruke brua som rugeplass. Brua har vorte spylt og gjorde rein, og elastisk, sprekkoverbyggande membran er lagt på betongen for å verne mot stoffa i fugleskiten.