Gjendine er eit uvanleg norsk kvinnenamn. Det er sett saman av innsjønamnet Gjende og etterstavinga -ine. Namnet er særleg kjend frå folkesongen som blei til eit klaverstykke av Grieg, «Gjendines bådnlåt».

Opphav til namnet

Ho som gav namn til verket var truleg òg den første som heitte Gjendine. Kaia Gjendine Slaalien var fødd i 1871 i ei steinhytte ved Gjendebu i Jotunheimen. Ho blei døypt den 24. juli i sjøen Gjende av ein prest, Honoratus Halling, som var turist i området. Han var saman med eit følgje som blei fadrar for jenta. Etter presten sitt forslag fekk ho mellomnamnet «Gjendine», noko som etter kvart blei tiltalenamnet hennar. Hytta ho blei fødd i heiter nå «Gjendinebua», og inneheld ei lita utstilling om Gjendine.

Bakgrunnsstoff