Gneis

Gneis
Kjenneteikn
Gruppemetamorf
Hovudmineralkvarts, biotitt, granat, plagioklas
Identifikasjon
Bruksområdebygningsstein, veggplater, golvfliser, gatestein, gravminne m.m.

Gneis er ein metamorf bergart, det vil seia at han er omforma frå ein eller fleire andre bergartar etter å har vorte utsett for stort trykk og varme. Gneis inneheld difor dei same minerala som desse bergartane er danna av.

Gneis inneheld i hovudsak kvarts, biotitt, granat og plagioklas

Grunna trykk og varme har gneisen fått endra struktur. Han har vorte lagdelt og fått ein bølgja utsjånad. Lagdelinga og den bølgja utsjånaden kjem av at dei opphavlege bergartane i ulik grad har vorte blanda. Dei tekniske eigeskapane som spaltbarheit og trykkfastleik kan òg vera kraftig endra samanlikna med den opphavlege bergarten.

Gneis er den vanlegaste bergarten i Noreg. Det er mange kvalitetar og typar gneis. Dei har ulike namn, avhengig av innhaldet av opphavlege bergartar.

Gneisgranitt

Granitt er ein vanleg bergart i Noreg, difor er mykje av gneisen omdanna frå granitt. Gneisgranitt er ein blandingsbergart, som har oppstått når omdanninga (metamorfosen) ikkje er fullstendig, men i grenseland mellom ein metamorf bergart og ein eruptiv bergart. Slike blandingsbergartar har ofte ein stripa utsjånad og kan vera sterkt lagdelte.

Fleire fargar

Fargar oppstår etter kva for mineral bergartane er danna av.

Kjende norske førekomstar av gneis.

Fleire stader er det steinbrot som tek ut gneis. Desse gneisane har som regel namn (handelsnamn) etter staden der brotet ligg.

Somme førekomstar av gneis inkluderer:

Galleri

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Gneis