Golden Slumbers Song av The Beatles frå albumet Abbey Road | ||
Utgjeve | 26. september 1969 | |
Innspelt | 2. juli – 15. august 1969 EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock, barokkpop | |
Lengd | 1:31 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney, Thomas Dekker | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Golden Slumbers» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969.
«Golden Slumbers», basert på Thomas Dekker-diktet i skodespelet Patient Grissel, som første gong kom ut i 1603 og som McCartney sette musikk til i ein godnattsong-stil.
«Golden Slumbers» og «Carry That Weight» glir rett over i kvarandre, slik fleire av songane, som «Mean Mr Mustard» og «Polythene Pam», tidlegare på albumet gjer det. Songen har piano og bass av George Harrison, trommer og i tillegg strykarar og blåseinstrument. Første vers opnar med piano aleine og ein sparsam bass og strykarar kjem til rundt McCartney si stemme på sitt mest innsmigrande:
Trommer og blåsarar kjem dramatisk til ved refrenget, medan andre vers er tilsvarande første vers, bortsett frå med trommer. Til å vere ein «busselullesang» når natta set til er det mykje kraft i stemma til McCartney.
Den opphavlege teksten skriven av Thomas Dekker frå 1600-talet er