Gosen (hebraisk אֶרֶץ גֹּשֶׁן eller ארץ גושן, Goshen) er namnet på ein stad i Egypt omtalt i Den hebraiske bibelen. Gosen er eit område som blir gjeve av farao til israelittane til å bu i etter at Josef henter dei dit. Dette er også landet dei dreg frå under utvandringa frå Egypt. Området låg nord i Egypt, aust for Nildeltaet.[1]
Etter at Josef blei sett som herre over Egypt av farao under hungersnauden i Kanaan sende han bod gjennom brørne sine om at far hans og huslyden med alle eigedelane skulle koma til ham i Gosen, der dei kunne bu.[nb 1] Det blir antyda at Gosen ligg avsides til, ettersom egyptarar reknar gjetarar som avskyelege.[nb 2] Det var i Gosen at Josef blei sameina med faren Jakob etter at han hadde vore slave til Egypt.[nb 3]
I Egypt blei israelsfolket mangfaldig, og etter 17 år i landet døydde Jakob.[nb 4] Heile huset hans, bortsett fra småbarna og små- og storfeet, forlét Gosen for å gravleggja Jakob i heimlandet.[nb 5] Gosen blei også skåna frå den fjerde plaga frå Gud, «for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet.»[nb 6] Gosen blei også skåna for haglbygene i den sjuande plaga.[nb 7]
Israelittene omtalte seinare Gosen som «kjøttgrytene i Egypt».[nb 8]
Gosen blir omtalt som eit fruktbart land, og israelittane snakka seinare om «kjøtgrytene» dei kunne eta seg mette frå i Egypt. Namnet «Gosen» blir derfor også brukt symbolsk om eit rikt og fruktbart land.[1]
I 1885 identifiserte E.H. Naville Gosen som den 20. nomen som låg på det austre Nildeltaet, og var kjend som «Gesem» eller «Kesem» i det 26. dynastiet i Egypt (672–525 f.Kr.). Det dekka vestdelen av Wadi Tumilat, med distriktet Sukkot som austkant og Pithom som hovudby, nordover så langt som ruinane av Piramesse ('landet til Ramses'), og inkluderte både jordbruksland og beitemark.[2]