Grefsen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Hans A. Rosbach | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Vestre Aker | ||
Sokn | Grefsen | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Georg Greve | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 3. mars 1940 | ||
Klokker | O. Olsen & Søn | ||
Kyrkjegard | Mellom kyrkja og kapellet | ||
Preikestol | R. Tønsaker | ||
Altartavle | Nonfigurativ glasmosaikk av Oddmund Kristiansen | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Diverse | Glasmåleri av Bernhard Greve (arkitektens bror) i veggen mellom våpenhuset og kyrkjesalen. Maleriet «Den niende time» av Olav Foss ved sidealtar. | ||
Grefsen kyrkje 59°57′15″N 10°46′45″E / 59.95422111°N 10.77926694°E | |||
Wikimedia Commons: Grefsen kirke |
Grefsen kyrkje er ei langkyrkje i Oslo kommune som vart innvigd rett før krigen, den 3. mars 1940. Den funkisprega kyrkja er oppført i teglstein som er slemma og kalkmalt utvendig.
Mykje av interiøret stammar frå tida då kyrkja blei oppført. Mellom våpenhuset og kyrkjerommet er det ein glasveg med stjerneforma glasmåleri. Dei er utforma av Bernhard Greve og viser scener frå Det gamle testamentet. I 1967-68 blei koret noko endra av arkitekt Rolf Tønsager, og ein fekk ny preikestol og altar. Det blei også sett inn eit abstrakt glasmåleri av Oddmund Kristiansen i dalleglas og betong.
Kyrkjegarden på naboeigedomen vart teken i bruk før kyrkja vart oppført. Dette er ein av dei største kyrkjegardane i Oslo, og det står eit gravkapell frå 1904, teikna av Harald Bødtker, heilt i vest. 64 tyske krigsgraver vart flytta herfrå til Alfaset gravlund i 1953.
Litteratur
|isbn=
value: length (hjelp).