60°55′15″N 6°57′7″E / 60.92083°N 6.95194°E
![]() | |
Veg | E16 (Sogn og Fjordane) |
---|---|
Lengd | 11 428 meter |
Stigning | 3,5 % |
Trafikk | 2 240 (2023)[1] |
Opna | 17. desember 1991 |
![]() Gudvangatunnelen 60°53′07″N 6°56′59″E / 60.885278°N 6.949722°E |
Gudvangatunnelen er 11 406 meter lang og går mellom Langhuso i Undredalen og Ramsøy ved Gudvangen i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Han er ein del av E16. Saman med Flenjatunnelen og Lærdalstunnelen gjev han ferjefritt samband mellom Bergen og Oslo. Før tunnelane vart bygde gjekk sambandet mellom Voss og Lærdal med ferje mellom Gudvangen og Lærdalsøyri.
Tunnelen vart opna 17. desember 1991 og var då den lengste i Noreg. No er han den nest lengste, etter at Lærdalstunnelen på 24 509 meter opna i 2000.
Ved brann i tunnelen er viftene sette til å automatisk blåse ut mot Gudvangen.[2] Dette for å gje brannvernstyrkane, som vil kome fyrst frå austsida (sidan brannvernet i Aurland har tilhald på Aurlandsvangen), best mogleg tilhøve.
Eit vogntog tok fyr inne i tunnelen kring klokka 12 den 5. august 2013.[2][3][4] Sjølve brannen var sløkt innan ein time, men røyken skapte særs vanskelege tilhøve i tunnelen, og fleire bilar køyrde inn i andre bilar eller tunnelveggen då folk skulle berge seg ut. Ingen kom likevel til skade på grunn av elden eller trafikkulukkene, men mange vart førte til sjukehus med røykskadar. Over 70 personar vart sende til sjukehusa i området.[2] Brannvernsjefen i Aurland sa at det berre var takk vere rein flaks og dyktigheit at ingen omkom i brannen.[2]
Den 11. august 2015 tok det til å brenne i ein svensk turistbuss i tunnelen. 37 personar vart evakuert, og av dei var fire alvorleg skadde.[5] Gudvangatunnelen fekk store skader ved brannen og vart stengd i fleire veker for reparasjon.[6] Anbefalt omkøyring for strekka Bergen–Oslo var Rv 7, og for Bergen–Sogndal Rv 13/Rv 55 for personbilar og E39/Fv/Rv 55 for lastebilar. Tunnelen var stengd til 31. august 2015 for reparasjonsarbeid.[7]
Natt til 30. mars 2019 oppstod ein ny brann. Grunna pågåande vedlikehaldsarbeid var det kolonnekøyring i tunnelen. Ein kolonne med fire vogntog på veg austover frå Gudvangen-sida var halvannen kilometer inne i tunnelen då det byrja å brenne i eit av vogntoga. Fylgjebilen fekk varsla redningssentralen, og sjåføren organiserte evakuering av 32 personar som var i tunnelen. Tunneltaket fekk store skader.[8]
Gudvangatunellen vart på nytt opna for fri ferdsel 5 april 2019.[9]