HaBesorelva | |||
elv | |||
Ei bru over HaBesor vest i Negev
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°17′13.28″N 34°29′7.12″E / 31.2870222°N 34.4853111°E | ||
![]() HaBesorelva 31°17′13″N 34°29′07″E / 31.287022222222°N 34.485311111111°E | |||
Wikimedia Commons: Besor Stream | |||
HaBesor (hebraisk נחל הבשור, Nahal HaBesor) er ein wadi sør i Israel. Elva byrjar ved fjellet Boker (nær Sde Boker) og munnar ut i Middelhavet nær Deir al-Balah på Gazastripa, der ho vert kalla Wadi Gaza. Elva er den største i det nordlege Negev, og i lag med dei største sideelvane, Grar og Beersheba, når ho heilt til Sde Boker, Yeruham, Dimona og Arad/Tel Arad.[1] Mykje av vatnet i Wadi Gaza vert nytta i Israel ved hjelp av dammar,[2] og er den einaste større vasskjelda på Gazastripa[3] Wadi Gaza renn gjennom eit våtmarksområde, Gazadalen, som i 2012 vart nytta til å dumpe avfallsvatn.[4]
I Gamletestamentet var Besor ei kløft eller ei elv heilt sørvest i Judea, der 200 av mennene til kong David vart verande att fordi dei var utmatta, medan 400 andre forfølgde amalekittane[5][1]
HaBesor strekkjer seg frå den israelske grensa ved Gazastripa til Urim kibbutz i sør. Sletta som elva renn over ligg 70-80 meter over havet.[1]
Sideelvar frå sør til nord er HaRo'e Stream, Boker, Mesora, Zalzal, Revivim, Atadim, Beersheba, Grar, Assaf, Amar, Sahaf og Wadi Abu Katrun.