Habsburgermonarchie
Habsburgmonarkiet

 

 

 

1526–1804
Flagg Våpen
Flagg Våpenskjoldet til Karl V
Nasjonalsong
Ingen
Keisarsong
Gott erhalte Franz den Kaiser
Plasseringa til Habsburgmonarkiet
Plasseringa til Habsburgmonarkiet
Habsburgmonarkiet på høgda under Karl V i 1547.
Hovudstad Wien
Praha (1583–1611)
Språk tysk, ungarsk, rumensk, kroatisk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk, spansk, italiensk, polsk, rutensk
Religion Offisiell religion:
romersk-katolsk
Respekterte religionar:
Kalvinisme, lutheranisme, ortodoks kristendom
Styreform Monarki
Keisar, konge,
& erkehertug
 - 1526–1564 Ferdinand I (første)
 - 1792–1804 Frans II (siste)
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1526
 - Erklæringa av Riket 1804
I dag ein del av  Austerrike
 Belgia
 Bosnia og Herzegovina
 Kroatia
 Tsjekkia
 Frankrike
 Tyskland
 Ungarn
 Italia
 Luxembourg
 Nederland
 Polen
 Romania
 Serbia
 Slovakia
 Slovenia
 Spania
 Sveits
 Ukraina

Habsburgmonarkiet var eit uoffisielt namn på områda som vart styrt av den austerrikske greina av Huset Habsburg (1278-1780) og det etterfølgjande huset Habsburg-Lothringen (frå 1780) mellom 1526 og 1867/1918. Hovudstaden var stort sett Wien, bortsett frå 1583 til 1611,[1] då hovudstaden var i Praha.

Monarkiet frå 1804 til 1867 vert vanlegvis kalla Keisardømet Austerrike, og frå 1867 til 1918 Austerrike-Ungarn. I visse samanhengar viser «Habsburgriket» stundom til heile Habsburgfamilien sine område som ein gong vart styrt av Karl V av Det tysk-romerske riket, eller til Det spanske riket styrt av den spanske greina av familien.

Habsburg-familien ætta frå Habsburgborga i dagens Sveits og kom etter 1278 til makta i Austerrike. Habsburgfamilien vart etter kvart ei mektig ætt i Europa gjennom giftarmål og den første kongressen i Wien med keisar Maximilian I. Ludvig II, konge av Böhmen, Ungarn og Kroatia, var adoptert av Maximilian, og då han døydde i 1526 vart erkehertug Ferdinand av Austerrike den neste kongen i desse områda.[1] Ferdinand var den yngre broren til keisar Karl V. Frå denne tida voks monarkiet og på det største dekte det halve Europa.

Terminologi

Kart over Austerrike-Ungarn om lag 1900

Namna på området som (med nokre unntak) til slutt vart Austerrike-Ungarn:

Den ungarske delen av riket vart kalla «Landa til den heilage Stefan-krona» (tysk Länder der Heiligen Stephans Krone). Det bøhmiske (tsjekkiske) landområdet vart kalla «Landa til Wenzel-krona» (tysk Länder der Wenzels-Krone).

Namn på nokre av dei mindre områda:

Landområda

Landområda som vart styrt av Habsburg-familien endra seg mykje gjennom hundreåra, men kjernen bestod alltid av fire blokker:

Gjennom historia var òg andre landområde under dei austerrikske habsburgarane sitt styre (enkelte vart styrt av andre greiner i Habsburg-dynastiet):

Grensene til enkelte av desse områda varierte i dei periodane som er gjevne her og andre vart styrt av forskjellige greiner (secundo-geniture) av Habsburg-familien. Huset Habsburg hadde og tittelen tysk-romersk keisar frå 1438 til 1740 og frå 1745 til 1806.

Kjenneteikn

Det habsburgske flagget

Landområda til huset Habsburg danna i røynda ikkje eit enkelt land - kvar provins vart styrt med sine eigne særeigne skikkar. Fram til midten av 1600-talet var ikkje ein gong alle områda styrt av same person og yngre familiemedlemmer styrt ofte delar av Arvelanda som privat apanasje. Det vart gjort fleire seriøse forsøk på sentralisering under Maria Teresia, og særleg son hennar Josef II på midten og slutten av 1700-talet, men mange av desse planane vart skrinlagt då det var stor motstand mot dei radikale reformene til Josef. I perioden vart det likevel prøvd og gjennomført ei meir forsiktig sentralisering.

Eit større forsøk på sentralisering vart sett i gang igjen i 1849 etter at fleire opprør i 1848 vart slått ned. For første gong prøvde ministrar å omforme monarkiet til ein sentralisert byråkratisk stat styrt frå Wien. Særleg Kongedømet Ungarn slutta å eksistere som ei separat eining og vart delt inn i fleire distrikt. Etter at Habsburgmonarkiet tapte krigar i 1859 og 1866, gjekk ein bort frå denne politikken og etter fleire år med eksperimentering kom ein fram til det austerriksk-ungarske kompromisset i 1867, der det såkalla dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn vart oppretta. I dette systemet fekk Kongedømet Ungarn suverenitet og eit eige parlament, og berre ein personalunion og eit felles utanriks- og militærstyre knytte det til resten av Habsburgområda.

Austerrike-Ungarn kollapsa på grunn av forskjellige uløyste etniske problem som kom fram i lyset etter tapet i den første verdskrigen. I fredsforhandlingane som følgde vart store område avstått til Romania og Italia, dei nye republikkane Austerrike (dei tysk-austerrikske landområda og Arvelanda) og Ungarn (kjernen i det gamle kongedømet) vart oppretta og resten av områda til monarkiet vart delt mellom dei nye statane Polen, Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia) og Tsjekkoslovakia.

Habsburgområda utanfor Habsburgmonarkiet

Habsburgmonarkiet må ikkje forvekslast med dei forskjellige områda som til forskjellige tider vart styrt av medlemmer frå huset Habsburg. Den eldre spanske greina av habsburgarar styrte Spania og forskjellige andre område frå 1516 til ho døydde ut i 1700. Ei yngre grein styrt Toscana mellom 1765 og 1801 og igjen frå 1814 til 1859. Medan dei var i eksil frå Toscana styrte denne greina Salzburg frå 1803 til 1805 og i Würzburg frå 1805 to 1814. Ei anna grein regjerte i Vorlande frå 1803 til 1805 og Modena frå 1814 til 1859, medan keisarinne Marie Louise, den andre kona til Napoleon og dotter av den austerrikske keisar Frans, styrt over Hertugdømet Parma mellom 1814 og 1847.

Herskarar av Habsburgmonarkiet, 1526-1918

Habsburg

Habsburg-Lothringen

Kjelder

  1. 1,0 1,1 "Czech Republic - Historic Centre of Prague (1992)" Heindorffhus, August 2007, HeindorffHus-Czech Arkivert 2007-03-20 ved Archive.is.