Hannu Siitonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 18. mars 1949 (75 år) Parikkala |
Yrke | spydkastar |
Høgd | 183 centimeter |
Hannu Siitonen på Commons |
Hannu Siitonen (fødd 18. mars 1949) i Parikkala er ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar. Han vart europameister i spydkast i 1974, og fekk OL-sølv i 1976.
Siitonen slo gjennom i 1970-sesongen, med ein personleg rekord på 84,80 m. Han vart finsk meister, noko han også skulle verte dei fire komande åra.
I 1971 forbetra han sin personlege rekord til 88,42 m, noko som gav han tredjeplassen på statistikken over dei beste spydkastarane i verda det året. Han var då mellom favorittane under europameisterskapen 1971 i Helsingfors. Med 83,84 m enda han på fjerdeplass. Også ved dei olympiske sommarleikane 1972 i München var han mellom favortittane. På ny vart det ein fjerdeplass, bronsemedaljøren Bill Schmidt kasta 10 cm lengre i sitt lengstekast.
I 1973 var Siitonen på sitt aller sterkaste, i fem tevlingar landa spydet bortanfor 90 meters-streken. Ved ei tevling i Helsingfors landa spydet på 93,90 m, lengste kastet i verda det året. Også i 1974 stod Siitonen for det lengste kastet i verda. Det kom under europameisterskapen i Roma. Der kasta han spydet 89,58 m og vart suveren meister, over fire meter føre nestemann.
I dei olympiske sommarleikane 1976 i Montreal fekk han sølvmedaljen med eit kast på 87,92 m, langt bak gullvinnaren Miklós Németh som sette ny verdsrekord med 94,58 m i sitt første kast.
År | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 |
Lengde (m) | 84,06 | 85,42 | 87,66 | 89,52 | 88,28 |
År | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 |
Lengde (m) | 84,80 | 88,42 | 88,58 | 93,90 | 89,58 | 90,22 | 88,82 | 89,48 |