Hans Andreas Limi

Fødd29. september 1960 (63 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (1979)
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
EktefelleVibeke Limi
Alle verv

Hans Andreas Limi (fødd 26. september 1960 i Skien) er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Han er medlem av Bærum kommunestyre frå 2011, leiar i Akershus Framstegsparti frå 2012 og vart vald inn på Stortinget frå Akershus hausten 2013.[1][2]

Karriere

Han har vore medlem av Framstegspartiet sidan 1979.[1] Han var generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom 1984–1986, kontorsjef i Framstegspartiet 1986–1988 og deretter generalsekretær i partiet 1988–1994.[3] Limi var medlem av Skien bystyre og formannskap 1984–1987. Han var medlem av Oslo bystyre frå 1988, men fekk permisjon frå vervet i 1989.[3] Han overtok som finansbyråd i Oslo etter Sverre Frich jr. i april 1991 og sat ut året. Limi har også sete i Kringkastingsrådet.[4]

Etter eksamen ved Telemark Handelsgymnas i 1979 studerte han bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt. Limi trekte seg frå stillinga som generalsekretær i Framstegspartiet i mai 1994, og gjekk over i stillinga som eigedomssjef i Olav Thon-gruppen.[5] Han har sidan vore utviklingsdirektør i Steen & Strøm AS,[6] etableringsdirektør i ICA Norge AS og dagleg leiar i eige konsulentselskap.

Sidan 1984 har han vore gift med partikollegaen Vibeke Limi.[3]

Stortingskomitear

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Wright, Martin (23. januar 2012). «Limi valgt til ny fylkesleder i Frp». Budstikka: 5. 
  2. Svenningsen, Jens (11. desember 2012). «Limi på vei mot Stortinget». Budstikka: 7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Width, Henrik; Fagerli, Hans Petter (19. april 1991). «Den nye finansbyråden sitter frem til nyttår». Aftenposten: 7. 
  4. NTB (19. desember 1989). «I korte trekk. Kringkastingsråd». Aftenposten: 6. 
  5. «Fra Hagen til Thon». Verdens Gang: 15. 31. mai 1994. 
  6. TDN Finans (17. mars 2000). «Finansnotiser». Dagens Næringsliv: 26. 
  7. Stortinget. Biografi.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hans Andreas Limi