Harald Heide-Steen jr. | |||
| |||
Fødd | 18. august 1939 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 3. juli 2008 (68 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Aktive år | 1951–2008 | ||
Verka som | komikar, songar, filmskodespelar, stemmeskodespelar | ||
Far | Harald Heide Steen | ||
Ektefelle | Ingrid Vindenes, Bente Larsen, Birgit Gran, Gullen Øyehaug | ||
Born | Frikk Heide-Steen, Tiril Heide-Steen | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje, Spellemannprisen for årets verbalplate, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Oslo bys kulturpris |
Harald Heide-Steen jr. (18. august 1939–3. juli 2008) var ein norsk skodespelar, komikar og songar som blant anna var kjent frå rolla som «Dynamitt-Harry» i Olsenbanden-filmane. Han var også kjent som improviserande komikar, gjerne i tospann med Rolv Wesenlund under namnet Wesensteen på slutten av sekstitalet. Heide-Steen jr. var erfaren innan revy- og teatermiljøet, og i tillegg har han hatt fleire soloopptredenar der han var kjent for sine mange figurer, bl.a. «Rikstyristsjef Ottmar Johansen», «Sylfest Strutle», «Russisk ubåtkaptein» og «Flykaptein» for flyselskapet Spantax. Heide-Steen var ein av dei mest populære og folkekjære skodespelarane og komikarane i Noreg.
Harald Heide Steen jr. var fast tilsett ved Det Norske Teatret frå 1992. Den siste rolla han hadde der, var som Dovregubben i Ibsens Peer Gynt.
I 2008 gav han ut han jazzplata Musikalske minner på Big Box Records. I 1978 vann han også Spellemannprisen i verbal klasse for Harald Heide-Steen jr. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2005.
Harald Heide-Steen jr. var son av Harald Heide Steen. Han var far til songaren Frikk Heide-Steen.