Haratin (arabisk حراطين, romanisert Ḥarāṭīn, eintal Ḥarṭānī), også skrive haratine og harratin, er ei etnisk gruppe frå vestlege Sahel og sørvestlege Maghreb.[1][2][3] Haratinar lever hovudsakleg i dagens Mauritania (der dei utgjer ein majoritet), Marokko, Vest-Sahara og Algerie. I Tunisia og Libya blir dei omtalte som shwashin (Chouachin, Chouachine; eintal: Shwashin, Chouchan).
Haratinar snakkar maghrebi-arabisk dialektar og ulike berbarspråk.[4] Dei er tradisjonelt blitt karakteriserte som etterkomarar av tidlegare subsahariske slavar.[5][6]
Dei dannar den største definerte etnolingvistiske gruppa i Mauritania, der dei utgjer 40 % av folkesetnaden (~ 1,5 millionar).[7] I delar av arabisk-berbiske Maghreb blir dei til tider referert til som ein sosialt skild klasse av arbeidarar.[4][8]
Haratinane har vore og er ofte framleis sosialt isolerte i nokre maghrebiske land, og lever i segregerte gettoar. Dei er vanlegvis oppfatta som ein endogam gruppe av tidlegare slavar eller etterkomarar av slavar.[9][10] Dei konverterte til islam under arabar og berberar,[11] og blei tvangsrekrutterte til den marokkanske hæren av Ismail Ibn Sharif (sultan av Marokko 1672-1727) for å konsolidere makta hans.[10]
Tradisjonelt har mange haratinar hatt yrke innan landbruket - som jordbrukarar, gjetarar og kontraktsarbeidarar.[9]
Haratinane utgjer ei etnisk gruppe som er skild frå arabiske og tuaregiske folkesetnader, og frå dei andre noverande folkegruppene i Afrika sør for Sahara.[12][13][14] I Mauritania, der det bur nesten 1,5 millionar haratinar, har dei utvikla ei særskild kjensle av etnisk identitet.[8]
Under den romerske okkupasjonen av Mauritania flykta berbarstammen Godalasørover mot oasen Draa og gjorde dei lokale haratinfolka til slavar.[15] Dei har historisk arva slavestatus og yrket til familien, og har vore endogame og sosialt segregerte.[9][10] Nokre samfunn skilde mellom to typar slavar, ein kalla 'abid eller ‘slave’ og ei haratin eller ‘fri slave’.[8] Uansett om dei var teknisk frie eller ikkje, blei dei behandla dårleg sosialt i samfunna dei budde i. Dei blei nekta rett og evne til å eiga jord, og overlevde historisk ved å gå inn i eit tenarfohold med ein vernar, anten som hushaldstenar eller som avlingsdelingsarbeidar (khammasin).[16][17]
Haratinar blei eit vanleg mål for obligatorisk rekruttering av den marokkanske leiaren sultan Ismail Ibn Sharif (som sjølv hadde ei mor som var haratin). Sultanen ville byggja opp eit militære som ikkje hadde sosial eller kulturell tilknyting til noka anna arabisk eller berbar-gruppe i Maghreb. Han rekrutterte dei fleste mannlege haratin- og 'abidfolk som fanst i Marokko på den tida. Denne hæren blei så ofte tvinga til å utføra ei rad krigar for å konsolidere makta til Ibn Sharif.[10][16][18]
I Mauritania er haratinane ei av dei største folkegruppene, og står for så mykje som 40 % av mauritanarane. Dei blir nokre gonger omtalt som «svarte maurarar»,[19] i motsetning til beidane, eller «kvite maurarar». Haratinar i Mauritania snakkar òg hovudsakleg hassaniya-arabisk.[20]
Ifølge antropologen Joseph Hellweg, som spesialiserer seg på vestafrikanske studier, var haratinane i Mauritania historisk sett ein del av eit sosial kaste-liknande hierarki som truleg utvikla seg frå eit beduinaropphav mellom 1300- og 1500-talet. Gruppa «Hassan» hadde monopol på yrke knytte til krig og politikk, «Zwaya» (Zawaya) heldt på dei religiøse rollene, medan «Bidan» hadde eigedom og heldt slavar (Haratin).[21] Kvar av desse gruppene stod fast i stillinga si og var endogame, med arvelege yrke. Dei øvre lagane samla tributt (horma) frå dei nedre samfunnslaga, såg på dei som sosialt underlegare og nekta dei retten til å eiga land eller våpen og skapte dermed eit sosio-økonomisk fastlåst system.[22][23][24]
I 1981 avskaffa Mauritania offisielt slaveiet.[20][25] Men sjølv etter den formelle avskaffinga og nye lover er diskriminering mot haratinar framleis utbreidd, og mange av dei er framleis, i alle praktiske omsyn slavar, medan store tal lever i andre former for uformell avhengnad av dei tidlegare herrane sine.[26] Sjølv om slaveri vart avskaffa ved presidentdekret i 1981, blei det ikkje kriminalisert før i 2007 og igjen i 2015, og påstandar om slavehald i Mauritania blir sjeldan rettsleg forfølgde.[27]
Amnesty International rapporterte at i 1994 levde 90.000 haratinarar som «eigedommen» til herren sin, og rapporten indikerte at «slaveri i Mauritania er mest utbreidd i den tradisjonelle overklassen av maurane».[28] Ifølgje mauritanske embetsfolk er alle tilhøyre mellom herre og tenarar gjensidig frivillige. SN og fleire menneskerettsgrupper har stilt spørsmål ved dette.[20]
27. april 2007 blei Messaoud Ould Boulkheir vald til president i nasjonalforsamlinga som den fyrste haratinen i stillinga.
Haratinar i Marokko er mest konsentrerte i den sørlege delen av Drâa-Tafilalet-regionen, særleg i byar som Zagora, der dei utgjer ein betydeleg del av folkesetnaden.[29]
Haratinane har utgjort slavelaget i det marokkanske samfunnet i heile den nedteikna historia.[10] Dei fanst i kvar by og landbrukssenter før den marokkanske herskaren Ismail Ibn Sharif fekk makta. Dei utførte husarbeid, jordbruksarbeid, fysisk arbeid i byane og marknadane, og blei rekrutterte til å kjempa i krig.[16][18]
Ifølgje Human Rights Watch hevdar Marokko at slaveri er utbreidd i saharawiske flyktningeleirar drivne av Polisario i sørvestlege Algerie. Polisario har nekta for dette og hevdar å ha utrydda slaveri gjennom bevisstgjeringskampanjer. I ein undersøkingsrapport frå Human Rights Watch frå 2009 intervjua dei nokre mørkhuda saharawarar, som er ein liten minoritet i leirane. Dei sa at nokre «svarte» har «kvite eigarar», men denne eigarskapen blei berre uttrykt gjennom å «gje» ekteskaprettar til jenter. Med andre ord måtte ei slik jente ha godkjenning av «eigaren» hennar. Utan dette kunne ikkje ekteskapet utførast av ein qadi.[30]
I algeriske Sahara opplevde haratinane, som blei marginaliserte av Frankrike under kolonitida, sosial og politisk framgang etter at landet hadde fått sjølvstende.[31] Denne integrasjonen hadde byrja under frigjeringskrigen; ein diskurs om frigjering og fråværet av statleg rasisme, som er ein tradisjon for algerisk nasjonalisme, lukkast i å mobilisera denne samfunnsgruppa.[32] Sosial suksess gjennom utdanning gjorde det mogleg for tidlegare haratinar å få representasjon i lokalsamfunn og få tilgang til viktige stillingar.[31]