Haugesund stadion

Adresse Karmsundggaten 169, 5522 Haugesund
Brukarar Haugesund, Vard, Haugar, Djerv 1919
Underlag Naturgras
Kapasitet 5200, men skal oppgraderast etter 2012 sesongen

Haugesund stadion er eit stadionanlegg i Haugesund som på folkemunne vert kalla «Gamlå». Banen har naturgras og blir brukt av Fotballklubben Haugesund. Tilskodarrekorden på ca. 17 000 vart sett 1. oktober 1961 i kampen mellom Sportsklubben Haugar og Steinkjer FK.[treng kjelde] Før sesongen 2010 vart det sett opp flaumlys, mediefasilitetar og ein 28 m² stor TV-skjerm.

Supportarklubben Maakeberget held til på vestre ståtribune.

Løpebanen rundt vart fjerna hausten 2012 og grasmatta vart flytta inn til austre tribune og stod klar til seriestart 2013.

Oppgradering 2013-2014

[endre | endre wikiteksten]

Styret i Stadionselskapet HKFKH AS har avgjort følgjande utbygging av Haugesund stadion:

Tribune Kapasitet 2012 Ny kapasitet Venta ferdig
Vestre langside (ny hovudtribune) 576 2459 30.09.2013
Austre langside 2254 3000++ 2014++
Nordre sving 2370 2000 01.04.2013
Søndre sving 0 1000 01.04.2013
Haugesund Stadion 5200 8459++ 2014++

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]