Havre Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 69°8′S 71°40′W / 69.133°S 71.667°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Havre Mountains 69°08′00″S 71°40′00″W / 69.133333333333°S 71.666666666667°W | |||
Havre Mountains er ei stor fjellkjede heilt nordvest på Aleksanderøya i Antarktis som strekkjer seg 20 nautiske mil frå aust til vest mellom Cape Vostok og Russian Gap. Dei vart først sett i 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen og observert på ny av Belgica-ekspedisjonen, 1897–99. Dei vart grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, under Jean-Baptiste Charcot, som namngav dei etter Le Havre, den franske hamnebyen som «Pourquoi-Pas?» segla ut frå i 1908. Fjella vart kartlagde i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Havre Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).