Hawaiifinkar
Iiwi, Vestiaria coccinea
Iiwi, Vestiaria coccinea
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Hawaiifinkar Drepanidinae

Hawaiifinkar, tidlegare draktfuglar, er ei gruppe små sporvefuglar endemiske for Hawaii. Dei fleste autoritetar reknar gruppa som ein underfamilie, Drepanidinae, av Fringillidae, finkefamilien. Andre kategoriserer framleis denne gruppa som ein sjølvstendig familie Drepanididae.[1]

Skildring

Hawaiifinkar er mellom 10 og 20 centimeter lange og har vengespenn på 15 til 30 cm. Nebbet er meir eller mindre bøygd nedover. Artane er vanlegvis delte inn i to grupper: nektaretarar og frøetarar.

Nektaretarar

Fjørdrakta av nektaretarar er vanlegvis farga svart og raud, fjører i halen og bakvengen er svarte og resten av fjørdrakta er raud. Nebba er lange og nokre gonger svært sterkt bøygd. Slekta med det lengste nebbet var den no utdøydde Akialoa, der nebba var rundt halve kroppslengda. Tungene hos nektaretarar er røyrforma for å suge nektar frå blomar.

Frøetarar

Frøetarar har kortare og mindre bøygd nebb. Fjørdrakta er stort sett grøn, gul eller gråaktig, sjeldan mørk i farga. Utsjånaden deira kan likne finkar som til dømes grønfink.

Forplanting

Nektaretarar skil seg lite frå frøetarar i hekkevanar. Pardanning kan skje allereie i oktober, sjølv om spel og hekking kan skje mellom desember og juli. Etter paring legg hoa 2-3 kvite eller blå egg med raudbrune flekker, oftast i tre, men nokre gonger i høgt gras. Egga blir klekt etter ei rugetid på 3-4 veker, og ungane blir mata av begge foreldra. Hos dei fleste artane blir fuglane kjønnsmodne etter eitt år.

Mat

Nektaretarar har hovudsakleg diett basert på nektar, men òg av insekt, edderkoppar og larver som dei tar ut under bork med dei lange nebba. Frøetarar har diett som i hovudsak er avgrensa til frø av gras og tre.

Anna

Dei mange variantane av nebb i denne gruppa, frå kraftige finkeliknande nebb, til spinkle nedbøygde nebb for søking i blomar har oppstått gjennom adaptiv stråling, der ein tidleg finkeart har utvikla seg til å fylle eit stort spekter av økologiske nisjar. Rundt 20 artar av hawaiifinkar har vorte utrydda i den siste tida, og mange fleire i perioden etter at polynesiarar kom og introduserte dei første rotter, høner, griser, hundar, og starta med jakt og landbruk.[2][3]

Slekter og artar

Nolevande artar av hawaiifinkar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Melamprosops

Slekt Oreomystis

Slekt Paroreomyza

Slekt Loxioides

Slekt Telespiza

Slekt Palmeria

Slekt Himatione

Slekt Drepanis

Slekt Psittirostra

Slekt Pseudonestor

Slekt Hemignathus

Slekt Magumma

Slekt Chlorodrepanis

Slekt Loxops

Kjelder

Referansar

  1. Clements, J. 2007. The Clements Checklist of the Birds of the World. 6th ed. ISBN 978-0-7136-8695-1
  2. James, Helen F.; Olson, Storrs L (1991). «Descriptions of Thirty-Two New Species of Birds from the Hawaiian Islands: Part II. Passeriformes» (PDF). Ornithological Monographs 46: 1–92. Arkivert frå originalen (PDF) 23. september 2009. Henta 27. oktober 2010. 
  3. Olson, Storrs L.; James, Helen F (1991). «Descriptions of Thirty-Two New Species of Birds from the Hawaiian Islands: Part I. Non-Passeriformes» (PDF). Ornithological Monographs 45: 1–91. Arkivert frå originalen (PDF) 1. januar 2011. Henta 27. oktober 2010. 
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff