Hebrearar (hebraisk eintal ivri, fleirtal ivrim ibrim) er ei nemning brukt i Det gamle testamentet/Tanákh om dei gamle israelittane.[1]
I Bibelen er patriarken Abraham omtalt ein enkelt gong som ivri. Omgrepet «hebrear» opptrer i den hebraiske Bibelen (Tanákh) både som namnet gjeve til Israelsfolka av andre folk, og som det dei nytta på seg sjølv.[2] Guden deira omtalar seg sjølv som «Gud for hebrearane» når han taler til Moses.[3]
I gresk og romersk tid kunne det greske ordet hebraios visa til jødar.[1]