Britiske born spelar på ei Amstrad CPC464 heimedatamaskin på slutten av 1980-talet.
foto:Adrian Pingston

Heimedatamaskin er eit forbrukarvenleg ord for andregenerasjons mikrodatamaskinar som var populære på slutten av 70-åra og heile 80-talet. Det var dåtidas masseproduksjon av sillikonbrikker gjorde prisen låg nok til at ein hadde råd til å skaffe seg ein datamaskin som ein òg kunne nytte i heimen. Desse maskinane nytta som oftast ein 8-bits mikroprosessor, som oftast MOS 6502 eller Zilog Z80.

Form og farge på ein heimedatamaskin kunne variere, spesielt ifrå ein produsent til ein annan. Hovudprinsippet var likevel det same: Eit tastatur, med hovudkort og TV-modulator innbygd i tastaturet. Spel og anna programvare vart lasta inn anten ved hjelp av ein ekstern kassettspelar eller diskettstasjon, eller ved at ein kopla ein programkasett bakpå tastaturet. Då slapp ein å måtte vente på at programmet/spelet skulle lastast.

Mange maskinar kunne og tilkoplast skrivar, modem, eller anna tilleggsutstyr.

Heimedatamaskinar vart nytta både som omgrep og plattform heilt fram til byrjinga av 90-talet, då ein meir og meir nytta IBM kompatible, personlege datamaskinar.

Utbredte heimedatamaskiner

Apple II, ein populær heimedatamaskin, med god fargegrafikk for den tida
Commodore 64, den mest selde datamaskina nokonsinne

1970-talet

1980-talet