Helge er eit mannsnamn som kjem av det norrøne namnet Helgi, som igjen har opphav i ordet heilagr med tydinga ‘heilag’. I før-kristen tid var tydinga ‘heldig’ eller ‘sunn’, noko som kan vera knytt til det gammalhøgtyske ordet heil. Kvinnenamna Hege og Helga har same opphav.
Helge har namnedag 30. september i Noreg og Sverige.
«Helge» er eit vanleg namn i Noreg og Sverige, og «Helgi» er vanleg på Island.
Tabellen nedanfor gjev eit detaljert oversyn over populariteten til fornamnet Helge i nokre av dei det finst tilgjengeleg statistikk for.
Land | Blant landets menn | Blant gutebarn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Rangering | Tal | Prosent | Rangering | ||
Island [1] Helgi | 1 528 (2004) | 1 % | 14. | 66 (2000-2004) | 0,63 % | 27. | |
Noreg [2] Helge | 13 977 (2006) | 0,6 % | 37. | 12 (2006) | 0,04 % | 291. | |
Sverige [3] Helge | 12 587 (2006) | 0,28 % | - | - (2006) | - | (> 100.) | |
Danmark [4] Helge | 5 074 (2007) | 0,19 % | - | - (2005) | - | (> 50.) |
I Noreg var Helge eit vanleg namn på 1700-talet. Det var også mellom dei mest populære namna på gutar fødde i perioden frå om lag 1940 til 1955.
Historisk utvikling av populariteten til namnet Helge i Noreg.[5][6] |
Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.