Helmholtz-resonator er ein behaldar med ei opning, det heile forma slik at det oppstår resonans, såkalla Helmholtz-resonans, når behaldaren treffest av ein tone med ein bestemd frekvens eller tonehøgd. Det er dette som skapar lyd når ein bles luft over toppen av ein flasketut.
Apparatet er kalla opp etter Hermann von Helmholtz då han studerte akustikk i 1850-åra. Det vart nytta til å finne forskjellige frekvensar eller tonehøgder i musikk og andre komplekse lydar.[1]
Helmholtz-resonator. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Helmholtz-resonator