Henrik Johan Bull | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. oktober 1844 Stokke kommune |
Død | |
Yrke | oppdagar, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Henrik Johan Bull (fødd 13. oktober 1844 i Stokke, død 1. juni 1930 i Oslo) var ein norsk forretningsmann og skipsreiar.
I perioden 1893–1895 leia han ein ekspedisjon til Antarktis med skipet «Antarctic», finansiert av Svend Foyn, for å leite etter førekomstar av rettkvalar. Skipet vart utstyrt med elleve harpunkanoner, eksplosiv, åtte kvalbåtar og eit mannskap på 31.
19. januar 1895 gjekk ei gruppe frå ekspedisjonen i land på Foyn Island. Fem dagar seinare vart ein båt med åtte mann, inkludert Bull, kaptein Leonard Kristensen, Carsten Borchgrevink og Alexander von Tunzelmann sende i land på Kapp Adare på det antarktiske fastlandet. På det tidspunktet trudde dei at dei var dei første til å setje fot på det antarktiske kontinent, men det vart seinare klårt at selfangaren John Davis hadde påstått å ha gått i land på Antarktishalvøya alt i 1821. Denne påstanden er likevel omstridt.