Kjemisk struktur
Heroin

CAS-nummer
561-27-3
ATC-nummer
N02A A09
Metabolisme
Halveringstid
Utskiljing
Administrasjonsform IV, IM, SC

Heroin, òg kjend som diamorfin og diacetylmorfin, er eit alkaloid opioid. Heroin er eit 3,6-acetylderivat av morfin.

Heroin er i dag mest kjend som eit vanedannande rusmiddel, men vert òg nytta som smertestillande lækjemiddel til bruk i kreftsjukdommar og i akutt hjartesvikt, blant anna i Storbritannia.

Heroin vert ikkje nytta klinisk i Noreg, men Helse Bergen søkte i 2013 om å nytte heroin for eit lågt tal pasientar som ikkje fann behandlingseffekt av ordinære LAR-medikament.[1]

Stoffet står på dopinglista til antidoping-byråa WADA og Antidoping Norge.

Kjelder

  1. «Vil dele ut gratis heroin». Bergensavisen. Henta 27. juni 2019. 
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. Malen blei sett inn 2019
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.