Hestemynteslekta | |
![]() Monarda didyma | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Stamme: | Mentheae |
Slekt: | Hestemynteslekta Monarda L., 1753 |
Hestemynteslekta (Monarda) er ei planteslekt i leppeblomfamilien som er utbreidd i Nord-Amerika. Den inneheld arter med opprett vekst, motsette blad og kransstilte eller endestilte blomstrar. Alle delane av planta duftar av bergamottolje.
Slekta Monarda er klassifisert i tribusen Mentheae i underfamilien Nepetoideae. Fylogenetiske molekylærstudiar av denne tribusen har nytta eit dårleg utval av planter slik at samanhengen mellom artane i tribusen er framleis uklar.[1] Blephilia og Pycnanthemum er nære slektningar av Monarda, men dei treng ikkje vere dei næraste.[2] Monarda er delt i to separate underslekter: Monarda og Cheilyctis.[3] Desse er lette å skilja ved hjelp av fleire karaktertrekk.[4]
Berre eit par av artane i slekta har normerte namn på norsk.[5] Fleire av artane har mange variantar. I lista er det teke med ein del artar med engelske namn:
Desse artane var tidlegare klassifisert i Monarda: