Hidjra eller hijra (arabisk الهجرة) er ei arabisk nemning for profeten Muhammed og dei som følgde han si vandring frå Mekka til Medina.[1][2] Ho dannar utgangspunktet for den muslimske tidsrekninga. Etter vestleg tidsreking fann ho stad i år 622, 16. juli 622 i den julianske kalenderen.[3][4]