Hjernestammen er ein del av hjernen som stikk ned under storhjernen og bind han saman med ryggmergen. Han finst hjå menneske og mange virveldyr, og blir som regel rekna med å omfatta den forlenga mergen (medulla oblongata eller myelencephalon), hjernebrua (pons) og midthjernen (mesencephalon).[1]
Hjernestammen regulerer funksjonar som ikkje er viljestyrte, som anding, blodtrykk, søvn og hjarterytme. Han utgjer den viktigaste kommunikasjonsvegen mellom storhjernen, veslehjernen, ryggmergen og det perifere nervesystemet.