Holon | |||
חוֹלוֹן, حولون | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: (Vesle) sand | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | 32°01′N 34°46′E / 32.017°N 34.767°E | ||
Areal | 18,927 km² | ||
Folketal | 182 575 (2013)[1] | ||
Folketettleik | 9 646 / km² | ||
Grunnlagd | 1936 | ||
- Bystatus | 1950 | ||
Borgarmeister | Moti Sasson (Labor) | ||
![]() Holon 32°01′00″N 34°46′00″E / 32.016666666667°N 34.766666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Holon | |||
Nettstad: holon.muni.il | |||
Holon (hebraisk skrift חוֹלוֹן) er ein by på den sentrale kyststripa sør for Tel Aviv i Israel. Holon høyrer til storbyområdet Gush Dan. I 2011 hadde han 182 575 innbyggjarar.[1] Holon omfattar eit av dei viktigaste industriområda i Israel, kjend som Business and Industrial Zone Holon.[2] Sidan 1990-talet har dei lokale styresmaktene også lagt vekt på å utvikla byen kulturelt.[3]
Namnet på byen kjem frå det hebraiske ordet holon, som tyder 'lite sand'. Namnet Holon finst òg i Bibelen: «Holon og Debir med beitemarker» (Josvas bok, 21:15).[4]
Holon vart grunnlagd på sanddyner seks kilometer frå Tel Aviv i 1935.[5] Łódzia tekstilfabrikk vart grunnlagd der av jødiske immigrantar frå Łódź i Polen, i lag med mange andre industriføretak.[5] Tidleg i den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Holon ved frontlinja, og det var stadige skotutvekslingar ved grensa til landsbyen Tel A-Rish i nordvest - ein forstad til den arabiske Jaffa. Det var òg samanstøytar i retninga av byen Yazur i aust. Eit åtak på den Holon-baserte Haganah-militsen i Tel A-Rish vart driven attende med store tap. Etter at Israel vart oppretta, vart Holon utvida og tok til seg Tel A-Rish og appelsinlundane i Yazur.
I februar 2001 vart åtte israelarar drepne og 25 skadde i eit palestinsk åtak på ein busstopp i Holon.[6]
Biletet av Holon som ein soveby for arbeidarklassen har endra seg gjennom åra. Byen har no vorte ein barnevennleg by med familieattraksjonar som Yamit vasspark, Det israelske barnemuseet og Israelsk museum for karikaturar og teikneseriar.[7]
Holon er venskapsby med:
|