Howard Hughes jr. | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 24. desember 1905 Houston |
Død | |
Yrke | filmprodusent, filmregissør, flygar, flight engineer, gründer, oppfinnar, produsent |
Språk | engelsk |
Religion | metodisme |
Far | Howard R. Hughes, Sr |
Mor | Allene Stone Gano |
Ektefelle | Ella Botts Rice, Jean Peters |
Partnar | Terry Moore, Katharine Hepburn |
Nettstad | http://www.hhmi.org/ |
Howard Hughes jr. på Commons |
Howard Robard Hughes jr. (24. desember 1905–5. april 1976) var ein amerikansk pilot, ingeniør, industrimann, filmprodusent og filmregissør som også var kjend som ein playboy, eksentrikar og ein av dei rikaste i verda. Han er berømt for å ha sett ei rekkje fartsrekordar i lufta, for å ha bygd Hughes H-1 Racer og Hughes Hercules H-4-flya, der sistnemnde vart bygd for å frakta amerikanske stridsvogner over Atlanteren, for å ha produsert filmane Luftens dæmoner, Den fredløse og Scarface, som er basert på gangsteren Al Capone, og for å ha kjøpt opp og utvida Trans World Airlines (TWA) og mangedobla verdien av selskapet.
I 1938 gjennomførte han ei jorda rundt-flyging med ein Lockheed Syp Electra og sette ny rekord på 3 dagar, 19 timar og 17 minutt.
Livet hans vart portrettert av Leonardo DiCaprio i Martin Scorseses film The Aviator frå 2004.