Hygge eller hyggje er ei kjensle av velvære i ein avslappa og venleg atmosfære, gjerne i samvære med familie eller vener. Hygge er ofte knytt til kvardagslege omgjevnader. Som verb er det synonymt med å kosa seg.
Ordet vandra frå norsk til dansk i løpet av 1800-talet. I dansk har ordet fått stor utbreiing og blir der brukt i langt fleire samanhengar enn i norsk, særleg i ordsamband og samansettingar, som hyggeaften, hyggebelysning, hyggefilm, hyggeforfatter, hyggekrog, hyggelampe, hyggelse[1] og råhygge.[2] Det dekker også eit større semantisk felt, særleg der det i norsk er vanlegare å bruka kos, til dømes i utropet «Hyg dig!».
Ordet har vandra vidare frå dansk til engelsk, og i 2016 kåra det britiske ordbokforlaget Collins «hygge» til eitt av årets ti ord i Storbritannia. Frå 2016 blei det gjeve ut fleire bøker på engelsk om hygge som livsstil.
Ordet hygge stammar frå norrønt 'hyggja', som tyder «å tenka». Det er avleidd av 'hugr', jamfør hug, med grunntyding «gje seg inn», «trøysta», «gleda».
Ordet er truleg i slekt med gamalengelsk 'hycgan' av det germanske ordet 'hugyan', som tyder «å tenka, vurdera».
Ordet dukka opp i dansk skrift først på 1800-talet og har sidan utvikla seg til ein kulturell idé kjend i Danmark og Noreg i dag. Hygge tyder det same på norsk og på dansk og er mykje brukt i begge språka.
Omgrepet hygge har opphav i dei skandinaviske landa Noreg og Danmark, der vintrane kan vera lange og kalde. Dess lengre nord ein kjem for ekvator, dess mindre sollys kjem til i vinterhalvåret. Mangel på dagslys, som genererer vitamin D i huda og stimulerer til hormon relaterte til glede og søvn, kan gjera at ein kjenner seg meir slapp og gje opphav til vinterdepresjonar.[3] Den mørke tida på året har påverka folk til å søka varme og komfort i heimen og finna tid til å bruka med familie, vener og ein sjølv. I ein video for CNBC meiner forfattaren Meik Wiking, som har skrive bok om hygge, at den korte definisjonen på hygge er «kunsten å skapa ein hyggeleg atmosfære», noko som skjer overalt i verda, men at det unikt skandinaviske er ordet som skildrar situasjonen. Hygge blir skildra som ein naturleg måte å motverka depresjonar i dei mørke, kalde månadene. Vidare hevdar han at hygge kan reknast som ein «overlevingsstrategi» i dei nordiske landa og samanliknar det med korleis bjørnen et kaloriar og går i dvale om vinteren.[4] Ting som å tulla seg inn i eit tjukt pledd, eta kaloririk mat og ha på seg varme klede kan såleis vera menneskelege grep for å betre takla vinteren, slik bjørnen går i vinterdvale.[5]
Ein annan faktor som kan ha gjeve grunnlag for omgrepet hygge er at dei skandinaviske landa ofte er rekna som blant dei mest likestilte i verda og gjev innbyggarane flest god tilgang på utdanning, helsetenester og offentlege tenester. Samanlikna med USA der ein berre har kring 17 fridagar i året, har danskar til dømes 36 årlege fridagar.[4] I samfunn der grunnleggande behov er dekte, kan ein finna meir tid til eigne interesser og via seg til sosial, kreativ og personleg utforsking.
I Danmark er omgrepet blitt ein viktig del av dansk kulturell identitet.[6] Ei avrøysting for det danske Kulturministeriet i 2016 kåra hygge til ein av dei ti viktigaste verdiane som har forma Danmark.[7]
Det kjende og trygge, med vekt på repetisjon av handlingar og utsegner, kan vera eit viktig grunnlag for hygge.[8] Nokre sentrale element som kan hjelpa ein å oppleva hygge er varme lyskjelder, sosialt samvære, god mat og drikke og heimlege omgjevnader.
På grunn av haust- og vintertradisjonar som jul, varme klede, pledd, kakao og vedfyring, kan vinter og haust tenkast å vera dei primære sesongane for hygge. Hyggeaugeblikk skjer likevel året rundt, inkludert om sommaren. Eit måltid med kaffi og kake kan vera ein måte å skapa hygge på.[10] Hygge er ofte knytt til opplevingar innandørs, og på 1960-talet blei dette brukt som eit argument for at danskar ikkje ville godtaka gågater.[11] Det finst likevel fleire døme på utandørsaktivitetar i varmare vêr som kan reknast som hyggelege, som piknikar, konsertar, gatemesser, sykling og å gå tur i fjellet.[12][13]
Ifølge NRK blir nær ein halv million nordmenn meir nedstemte om hausten og inntil 150 000 nordmenn råka av haust- og vinterdepresjonar.[3]
Ifølge psykolog Johanne Refseth skal ein vera grei mot seg sjølv om hausten. Å legga til rette for hyggelege aktivitetar kan hjelpa ein å stressa ned, nyta dei små tinga i livet og betre handsama den kalde og mørke årstida.[3]
Hygge oppmodar til skjermfrie aktivitetar, som å lesa ei bok, spela brettspel eller prata med vener, noko som kan verka positivt inn på trivselen til ein på sikt. Reduksjon av skjermtid om kvelden kan hjelpa på søvnkvaliteten.[3] I vestlege land er det i nyare tid vanleg å bruka mykje tid føre datamaskinen eller til å sjå på fjernsyn til langt ut på natta, noko som kan verka negativt inn på døgnrytmen.[5]
I Storbritannia hadde fleire bøker med fokus på hygge blitt utgjevne frå 2016[14] som The Little Book of Hygge av Meik Wiking,[15] Hygge: The Danish Art of Happiness av Marie Tourell Søderberg,[16] og The Book of Hygge: The Danish Art of Living Well av Louisa Thomsen Brits.[17] Konseptet blei populært blant eit internasjonalt publikum i slutten av 2017, noko som resulterte i ein auke av nettsøk og framveksten av emneknaggen «#Hygge» på Instagram.[5] Ordet blei importert direkte til engelsk og Collins English Dictionary kåra hygge til nummer to (etter «Brexit») som årets ord i Storbritannia i 2016.[18]
Meik Wiking meinte at kombinasjonen av to faktorar bidrog til at hygge tok av internasjonalt: Den aukande oppfatninga om at pengar ikkje kan kjøpa lykke og at dei nordiske landa har blant den høgaste levestandarden i verda.[4] Populariteten til hygge førte til kommersialisering av konseptet som ein livsstil, der effektar som krus, duftlys og puter blei marknadsførte. I ein artikkel i Mashable skreiv Laura Byager at ho føler at den skandinaviske kulturen er blitt «fetisjisert», at «hygge aldri var noko ein kan kjøpa» og at «så snart konseptet hygge er brukt til å selja ting, mister det meininga si.»[19] I eit intervju med CNBC seier dansken Oliver Enné at hygge ikkje tyder noko anna enn det engelske «coziness» gjer. Vidare meiner han at ideen om å planlegga for hygge er utekkeleg og at ein berre kan sjå tilbake på ein situasjon og seia at «det var hyggeleg».[4]
I København, hovudstaden i Danmark, er det ei organisert vandring kalla Hygge & Happiness Tour.[20]
Akt II av Broadway-musikalen Frozen, basert på filmen frå 2013 under same namn, opnar med songen «Hygge», som handlar om å vera komfortabel, glad og saman.
I den australske såpeoperaen Neighbours innlemmar Jemima Davies-Smythe hygge inn i ein redesign av stua til halvbroren sin, Karl Kennedy.[21]
Ei britisk bustadutvikling i byen Keynsham i Somerset blei kalla «Hygge Park» av utviklaren Crest Nicholson i 2019.[22]
Det svenskeigde ferjeselskapet Stena Line tilbyr ein serie eksklusive opphaldsrom på sine ferjer til Irskehavet kalla «Hygge Lounges».[23] I september 2022 opna Hotel Hygge i Buellton i California.[24]
I den andre episoden av den andre serien av situasjonskomedien Motherland på BBC, «Soft Opening», opnar Amanda butikk kalla «Hygge Tygge» som, ukjent for henne, tyder «koseleg tygging».[25]
The Ghost and Molly McGee-episoden «Ready, Set, Snow» handlar om Molly som prøver å få mest mogeleg ut av ein søndag medan familien hennar og Libby blir inne for å oppleva «hygge».[26]