INXS | |||
![]() | |||
Aktiv | 1977–2012 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | alternativ rock, new wave, rock | ||
Plateselskap | Atco Records, Atlantic Records |
INXS (akronym for 'in excess') var eit australsk rockeband skipa i 1977 av Michael Hutchence, Andrew Farriss, Garry Beers og Kirk Pengilly.
INXS utvikla sin heilt eigen ljod, og hermed kjenneteiknet deira, ved å sameina element frå 60-talsrock, dance og heavy metal.[1] Bandet vart populære med albumet Kick, særskild med hitlåten «Need You Tonight».[2] Andre kjende låtar inkluderer «Never Tear Us Apart», «New Sensation», «Suicide Blonde», «Elegently Wasted», «Beautiful Girl» og «By My Side».
Michael Hutchence fekk store problem både i privatlivet og profesjonelt mellom anna på grunn av alkohol- og rusmisbruk. I ein alder av 37 år gamal vart Michael Hutchence funnen daud på Ritz Carlton Hotel i Sydney.[3] Dødsårsaka til Hutchence var sett til å vera sjølvmord.[4] I etterkant av dette heldt dei resterande bandmedlemene i INXS ein lågare profil. INXS la offisielt opp i 2012.[5]