I Am the Walrus Singel av The Beatles frå albumet Magical Mystery Tour | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 1967 | |
Innspelt |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 4:33 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«All You Need Is Love» (1967) |
I Am the Walrus | «Lady Madonna» (1968)
|
«I Am the Walrus» er ein song av The Beatles frå 1967, skriven av John Lennon og tilskriven Lennon/McCartney.[1] Lennon hevdar at han skreiv dei første linjene medan han var påverka av LSD.[2] Songen var ein del av filmmusikken til fjernsynsfilmen og det påfølgjande albumet Magical Mystery Tour og var B-sida til hitsingelen «Hello, Goodbye».
Lennon komponerte ein avantgarde song som kombinerte tre songar han hadde arbeidd på. Då han fekk vite at ein lærar på den gamle skulen hans fekk studentane til analysere tekstane til The Beatles, skreiv han eit ekstra vers som berre var meiningslaust.[3]
Kvalrossen (walrus) er ein referanse til kvalrossen i Lewis Carroll sin «The Walrus and the Carpenter» (frå boka Through the Looking-Glass).
I am the eggman oh, they are the eggmen –
John Lennon
|
Opphavet til teksten kom då Lennon vart inspirert av ei sirene han høyrde i heime sin. Lennon skreiv linja Mis-ter cit-y police-man til rytmen av sirena. Den andre ideen var eit kort rim om Lennon som sit heime i hagen sin, medan den siste var eit meiningslaus tekst om å sitje på ein corn flake. Han klarte ikkje å skrive ferdig dei tre ideane, og kombinerte dei i staden til ein song.
«I Am the Walrus» var den første studioinnspelinga Beatles gjorde etter at manageren deira Brian Epstein døydde i august 1967. George Martin arrangerte og la til instrument som strykarar og blåsarar og eit 16 mann stort kor, som gjorde ymse rop og hyl.[4]
Den dramatiske slutten på songen inneheld eit par linjer frå Shakespeare sin King Lear (Akt IV, scene VI), frå ei radioteaterframføring i BBC.[5]
Fleire andre artistar har spelt songen på plate eller konsertar, mellom anna Spooky Tooth, Leo Sayer Klaus Lage, Men Without Hats, Oasis, Jim Carrey, Die Toten Hosen, Styx og Bono.
Opningslinja «I am he as you are he as you are me and we are all together.» vert sitert i songen «South California Purples» av Chicago.