Idhna | |||
إذنا, Idna | |||
kommune | |||
|
|||
Namneopphav: Nedre[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°33′31″N 34°58′34″E / 31.55861°N 34.97611°E | ||
Areal | 25,5 km² | ||
Folketal | 19 012 (2007) | ||
Folketettleik | 746 / km² | ||
![]() Idhna 31°33′31″N 34°58′34″E / 31.558611111111°N 34.976111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Idhna | |||
Idhna (arabisk إذنا) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, i Hebron guvernement, 13 kilometer vest for Hebron og kring ein kilometer aust for Den grøne linja. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 19 012 innbyggjarar i 2007.[2]
Idhna er fysisk delt i ein sørleg og ein nordleg del av Wadi al-Feranj.[3] Hovudnæringa i Idhna er jordbruk.[4]
Idhna har vore busett sidan kanaanittisk tid (bronsealderen), og det er gjort funn av eldgamle ruinar i byen. Byen er identifisert som den bibelske byen Dannah, som er nemnt i Josva 15:49.[5] hebraiske folk, austromarar og arabarar hadde alle kontroll over området og det er funne myntar, statuar, graver og keramikk datert til desse kring i byen.[6]
Idhna vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 68 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.[7]
Edward Robinson, som vitja Idhna i 1838, registrerte at dei to delane av byen vart leia av kvar sin sjeik og innbyggjarar i kvar del følgde sjeikande i interne kranglar. Like ved Idhna ligg ruinane av den opphavlege landsbyen, som er totalt dekt av åkrar i dag. Ein har òg funne mosaikksteinar i marmor på staden.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Idna i juni 1863. Han estimerte folketalet til nesten 500 innbyggjarar, delt inn i to distrikt, kvar styrt av ein eigen sjeik. Mange hus, særleg små Bordj, var bygde med eldgamle steinar, daterte attende til oldtida.[8]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Idhna som «ein liten landsby i sørsida av ein ås [ ] delt i to av eit lite søkk.»[9] SWP skreiv òg at det låg fleire store grotter nær byen med nisjer for lampar eller hovudskallar.[10]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Idna eit folketal på 1 300, alle muslimar,[11] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1719, framleis alle muslimar, i 317 hus.[12]
I 1945 var folketalet i Idna 2 190, alle arabarar, som eigde 34 002 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 528 mål var plantasjar og irrigert land, 14 481 for korn,[14] medan 153 mål var utbygd (urbant) land.[15]