TAZARA-stasjonen i Ifakara
Hovudgata i Ifakara

Ifakara er ein større by i Kilombero-distriktet i Tanzanias Morogoro-region. Han har kring 60 000 innbyggjarar og er vorten eit stadig veksande handelssentrum. Byens økonomi har tradisjonelt vore heilt bunden av landbruket.

Geografi

Ifakara ligg i den lågtliggjande dalen rundt Kilombero-elva godt 100 km sør for hovudvegen frå Dar-es-Salaam til Iringa og vidare til Zambia. I regntida vert området ofte isolert i lengre periodar.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.