Ingvild Broch | |||
Fødd | 1939 | ||
---|---|---|---|
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
Ingvild Broch (fødd i 1939) er ein norsk akademikar som mellom anna har vore fyrsteamanuensis i russisk og forskningsdirektør ved UiT.
Broch flytte til Tromsø i 1972 då ho vart tilbode ei stilling ved universitetet.[1] Der har ho undervist i russisk i ei årrekkje. Ho har også forska på russenorsk, og gjeve ut bøker om pigdinspråket saman med Ernst Håkon Jahr. I 1994 vart ho tilsett som den fyrste forskningsdirektøren ved UiT, og sat i denne stillinga fram til 2004.[2]
Pomor-universitetet i Arkhangelsk utnemnde Broch til æresdoktor i 1996, og Det Nordlege Føderale Universitet i Arkhangelsk gav ho same utmerking i 2011.[2][3] I 1999 vart ho tildelt Pusjkin-medaljen av Den internasjonale organisasjonen for russisklærarar.[4]
Broch er gift med matematikaren Ben Johnsen. Saman har dei skrive boka Sopp og sopp om soppens kulturhistorie, som kom ut i 1986.[5]
Grandonkelen hennar var språkforskaren Olaf Broch.