Ironbridge
landsby
Land  England
Kart
Ironbridge
52°37′40″N 2°29′07″W / 52.6278°N 2.4854°W / 52.6278; -2.4854
Wikimedia Commons: Ironbridge

Ironbridge er ein landsby i distriktet Telford and Wrekin i Shropshire i England. Han ligg ved breidda av elva Severn midt i Ironbridge Gorge, og ligg i The Gorge civil parish. Ironbridge utvikla seg ved sida av, og tek namnet sitt frå, The Iron Bridge, den fyrste støypejernbrua som blei bygd her i 1779.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Ironbridge er blitt kalla fødestaden til den industrielle revolusjonen, og hevda som turistmål på grunn av dette.[1] Dette bygger på Abraham Darby si utvikling av teknikken med å skilja ut jern med koks i Coalbrookdale, noko som gjorde jernproduksjon mykje rimelegare. Støypejernbrua staden har namn etter var den fyrste i sitt slag, og ei av få som har overlevd til i dag.

Det var barnebarnet til den fyrste Abraham Darby, Abraham Darby III, som bygde brua - opphavleg utforma av Thomas Farnolls Pritchard - for å knyta dei to sidene av dalen saman. Bygginga byrja i 1779, og brua opna fyrste nyttårsag 1781.[2][3] Kort tid etter blei den gamle Madeley-marknaden flytta til det nye, særskilt bygde torget Butter Cross. Den tidlegare spreidde busetnaden Madeley Wood fekk eit sentrum i den planlagde byen Ironbridge, som blei det kommersielle og administrative sentrumet av kolfeltet Coalbrookdale.

Eigarane av Iron Bridge bygde òg Tontine Hotel for å gje husrom til folk som vitja den nye brua og industriområda i Severn Gorge. På eit torg ved hotellet står krigsminnesmerkett i Ironbridge, som blei reist i 1924. Det er ein bronsestatue av ein soldat frå fyrste verdskrigen utforma av Arthur George Walker. Hans underskrift er på statuen i lag med den til jernverksarbeidaren A.B. Burton, som laga han.[4] I åssida ved elva ligg ei jakthytte i stein frå 1500-talet på Lincoln Hill, og mange arbeidarhus frå 1600- og 1700-talet, nokre imponerande georgiske hus bygde for jernverksleiarar og gruve- og prameigarar og fleire tidligviktorianske villaer bygde i murstein og fliser i ulike fargar.

Utsyn mot The Iron Bridge i 2015.

St Luke's Church frå 1837 er i enkel nygotisk stil (Commissioners' Gothic) utforma av Samuel Smith frå Madeley, med glasmåleri av David Evans frå Shrewsbury. Utforminga er uvanleg i den forstand at heliagdomen er på vestsida av kyrkja og tårnet i aust, i motsetnad til vanleg kyrkjeutforming. Dette er fordi landet i vest var ustabilt og ikkje kunne ta vekta av eit tårn. Bjøllene i kyrkjetårnet blei installerte i 1920 som eit minne over dei frå kyrkjelydan som døydde i Den fyrste verdskrigen, og det utvendige kyrkjeuret blei gjeve opplysing til minne om dei som døydde under den andre.[4]

Den tidlegare jernbanestasjon Ironbridge and Broseley på Severn Valley-linjen (GWR) frå Hartlebury til Shrewsbury låg på sørsida av Iron Bridge fram til 1966.

Jernbrua etter ei restaurering i 2018.

På 1800-talet hadde Ironbridge hatt mange kjende besøkende, men på midten av 1900-talet var busetnaden og industrien i dalen i nedgang. I 1986 blei Ironbridge del av verdsarven til UNESCO (som del av det breiare området Ironbridge Gorge), og er sidan blitt ein stor turistattraksjon i Shropshire. Dei fleste næringane i Ironbridge er no knytte til turisme, men teddybjørnselskapet Merrythought (oppretta i 1930) er framleis verksamt i Ironbridge og har eit lite museum der òg. I sentrum av Ironbridge er blant anna postkontor, apotek, ulike pubar, kafear og mange små butikkar.

23. november 1981 blei Ironbridge råka av ein tornado, under det landsomspennande, rekordbrytande tornadoutbrotet som hende denne dagen.[5] 10. juli 2003 blei byen vitja av dronning Elizabeth og hertugen av Edinburgh, som gjekk ein tur over sjølve brua.[6]

Flaumvern i Ironbridge.

Ironbridge har årlege problem med å flaim frå Severn, som mange andre delar av Shropshire. Flaumar har ført til mykje skade og forstyrringar i Wharfage, der pubane The Swan og White Hart ligg, i tillegg til ulike privathus. Det britiske miljø-og landbruksdepartementet DEFRA byrja i februar 2004 eit samarbeid med Environment Agency som gjekk ut på å reisa ein flyttbar barriere når det er flaumfare. På sitt høgaste har flaumvatnet nådd ei meterhøg djupne mot barrieren.

26. februar 2020, etter store nedbørsmengder som følgje av stormarne Ciara og Dennis, blei den flyttbare barrieren skadde, og alle innbyggjarane måtte evakuerast frå Wharfage.[7] Ironbridge blei overfløymd igjen i februar 2022.[8][9]

Kjende folk frå Ironbridge

[endre | endre wikiteksten]
Statue av Billy Wright utanfor Molineux stadion.

Ironbridge Gorge Museums

[endre | endre wikiteksten]

Ironbridge Gorge Museum Trust eig og driv 10 museum i verdsarvstaden Ironbridge Gorge. Saman fortel dei historia om den industrielle revolusjonen.

Museuma inkluderer:

Galleri

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «The Iron Bridge». 
  2. de Haan, David. «The Iron Bridge – How was it Built?». BBC. Henta 14. april 2014. 
  3. «The Iron Bridge». English Heritage. Henta 4. april 2014. 
  4. 4,0 4,1 Peter Francis (2013). Shropshire War Memorials, Sites of Remembrance. YouCaxton Publications. s. 135–136. ISBN 978-1-909644-11-3. 
  5. «European Severe Weather Database». 
  6. «Royal visit timetable». 9. juli 2003. Arkivert frå originalen 11. mars 2005. Henta 9. oktober 2009. 
  7. «Ironbridge evacuated». 26 February 2020. Henta 27 February 2020. 
  8. «Flooding at Ironbridge museums for third year running» (på engelsk). Henta 28. februar 2022. 
  9. Adams, Geraldine Kendall. «Flooding at Ironbridge museums for third year running». 
  10. The Who's Who of Radical Leicester by Ned Newitt Retrieved 30. juli 2018.
  11. «The Ironbridge Rocket». BBC Shropshire. 29 October 2014. Henta 30. juli 2018. 
  12. «Ian Blakemore». ESPN. Henta 30. juli 2018. 
  13. «U.K. Death Metallers Cancer To Reform....». Blabbermouth.net. 12 September 2013. Henta 30. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ironbridge