Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Itumeleng Isaac Khune | ||
Fødd | 20. juni 1987 | ||
Fødestad | Ventersdorp | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Kaizer Chiefs | ||
Nummer | 32 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1999-2004 | Kaizer Chiefs | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004- | Kaizer Chiefs | 53 (0) | |
Landslag | |||
2008- | Sør-Afrika | 19 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. mars 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 |
Itumeleng Khune (fødd 20. juni 1987 i Ventersdorp) er ein sørafrikansk fotballspelar som har vore keeper for Kaizer Chiefs i den sørafrikanske fotballigaen, og for landslaget til Sør-Afrika.
Khune kjem frå Tshing nær Ventersdorp i North West-provinsen. Han voks opp i ein familie på seks, der faren var gruvearbeidar. Khune var først mest interessert i cricket, men bestemte seg for å bli fotballspelar for å få ein karriere som han kunne forsørgja familien med.
Khune begynte som forsvarsspelar då han først prøvespelte for Kaizer Chiefs, men han gjekk raskt over til å spela som keeper, og fekk kontrakt med Kaizer Chiefs, som er den største fotballklubben i Sør-Afrika, basert i Soweto utanfor Johannesburg. I 2004 kom han med i stallen til førstelaget til klubben.
Etter tre år som reserve på førstelaget fekk han sjansen sin tidleg i 2007/08-sesongen, då førstekeeperen Rowen Fernandez drog til tysk fotball. Han debuterte i ligaen 25. august 2007 i ein kamp mot Jomo Cosmos. Den første sesongen hans som førstekeeper, 2007/08-sesongen, vart ein stor suksess, og Kaizer Chiefs slepte berre inn 19 mål på 30 kampar. Khune vart kåra til årets nykommar og årets spelar i den sørafrikanske ligaen.
Khune var med i Sør-Afrika sin tropp til Afrikameisterskapen i 2008, utan å starta i nokon kampar. Han debuterte for landslaget i ein 2-1-siger heime mot Zimbabwe 11. mars 2008. Khune var førsteval som keeper for Sør-Afrika under Confederations Cup i 2009, der han redda ein straffe frå den spanske stjerna David Villa under gruppespelet.