Jan Erik Vold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. oktober 1939 (84 år)
Oslo
Yrke lyrikar, omsetjar, skribent, musikar, biograf
Far Ragnar Vold
Jan Erik Vold på Commons

Jan Erik Vold (fødd 18. oktober 1939 i Oslo) er ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1992. Han bur no i Stockholm og er gift med svenske Christina Hellmann.

Jan Erik Vold var eit sentralt medlem i Profil-krinsen og han har vore ein av dei mest innflytelserike lyrikarane i sin generasjon. Om ein ikkje skulle ha fått med seg noko anna av norsk lyrikk på 1960 og –70-talet kjenner ein ofte til Jan Erik Vold og dikt som «Kulturuke».

I tillegg til å skrive lyrikk har han også skrive mykje om lyrikk og lyrikarar, til dømes bøker om Olav H. Hauge, Gunvor Hofmo og Ernst Orvil. Han har gjort eit stort arbeid i å få andre lyrikarar fram i lyset. Han har gjendikta lyrikk til norsk, mellom anna Bob Dylan, Frank O’Hara og William Carlos Williams. Jan Erik Vold har framført dikt til jazzmusikk av framifrå jazzmusikarar som Chet Baker og Jan Garbarek, og han har vore ein aktiv kulturdebattant og Oslo-patriot. Særleg Bislett Stadion og Oslo-trikken har han snakka og skrive seg varm om.

Den første diktsamlinga hans, «mellom speil og speil», kom i 1965 og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for henne.

Prisar og utmerkingar

Verk

Diktsamlingar

Kortprosa, essay

Dramatikk

Plater

Gjendiktingar

Sakprosa, forfattarbiografiar

Antologiar over andre forfattarskap