Jan Hanvold | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1951 (73 år) |
Yrke | pastor, predikant, forretningsdrivande |
Ektefelle | Inger Karin Johnstad Hanvold |
Jan Hanvold (fødd 29. april 1951)[1] er ein norsk evangelist og mediemisjonær. Mellom anna er han grunnleggjar av den kristne TV-kanalen Visjon Norge, samstundes som han eigarskap i dei andre kristne medieverksemdene Vision Bibel Center, Euro Vision Network AS og Radio Visjon[2].
Hanvold har ein bakgrunn i forretningsdrift [3][4] som mellom anna har ført til konkursar, konkurskarantene og fengselstraff [5]. Han har blitt kritisert for fleire kontroversielle utsegner [6][7][8], dårleg økonomistyring [9][10], og for å samle inn svært mykje pengar gjennom prosjekta sine[11][12][13]. Rekneskapstala frå Visjon Norge og Visjon Bibel Center viser at dei har tatt inn om lag 175 millionar kroner gjennom innsamlingar i perioden 1999 - 2007, av dette over 48.000.000 i rekneskapsåret 2007[14]. Han har òg fått omtale i media for å nytte aggressive metodar i pengeinnsamlingane [15]. Det er kjent at midlar som er samla inn gjennom Hanvold sine ulike prosjekt i liten grad har blitt brukt til dei formåla dei er innsamla for [16][17][18][19]. I 2010 skulda Hanvold norske kristne for underslag mot Gud, og hevda at dei ved å gi mindre enn ein tiandedel av inntekta sin i tiend til kristne organisasjonar underslår åtte millardar kroner årleg. [20] Hanvold hadde i 2010 høgast inntekt av alle tilsette i norske kristne organisasjonar [21].