Konsentrasjonsleiren Jasenovac i Kroatia var den største utryddingsleiren på Balkan under andre verdskrigen. Leiren vart oppretta sommaren 1941 av Ustasja-regimet, med dei tyske leirane som forbilde, og fekk tilnamnet Auschwitz på Balkan. Offera var etniske serbarar (ortodokse), sigøynarar, jødar og antifascistiske kroatar. Attåt å vere utryddingsleir, var Jasenovac òg samleleir for transportar til andre dødsleirar.

Talet på offer i Jasenovac har vore omstridd og anslaga varierer mykje. Det kan ha vore mellom 500 000 og 600 000.

Frå 1941 til 1945 var det meir enn 25 konsentrasjonsleirar i Kroatia.

Konsentrasjonsleiren Jasenovac vart 17. april 1945 frigjord og oppløyst av jugoslaviske partisanar

Kjeldet

Den tyskspråklege wikipediaen.

Bakgrunnsstoff

Litteratur