Notar til «Tea for Two», ein jazzstandard frå musikalen No, No, Nanette.

Jazzstandard er ein standardlåt innan jazz,[1] altså eit musikkstykke som er velkjent og ofte blir framført og spelt innav jazzmusikarar. Ettersom jazz omfattar mange ulike stilarter vil dei ulike standardane variera alt etter kva for ein type musikk ein speler. Dei fleste profesjonelle musikarar vil ha eit repertoar med mange fleire stykke enn dei som er kjende som standardar, men dei vil sikkert ha eit par standardar parat ved ein opptreden, anten som ein del av programmet eller som ekstranummer.

Den mest innspelte standardlåten gjennom tidene per 2012 var «Body and Soul» av Johnny Green frå 1930.[2] Det finst inga fastlagd liste over standardlåtar. Mange av dei blei opphavleg skrivne for mange tiår sidan og kan stamma frå gamle populærmelodiar, utdrag frå musikalar, til dømes frå Broadway, eller frå gamle opptak av kjende band. Mange jazzmusikarar tek òg med nyare låtar når dei brukar nemninga standard.

Dei ulike standardlåtane høyrer ikkje berre til dei jazzkategoriane der dei har oppstått, dei blir gjerne spelt av musikarar som har ein annan stil som spesialitet. Ein avant-gardemusikar kan til dømes ha glede av å spela ein gammal melodi i sin moderne stil, eller eit dixieland-band kan spela eit moderne stykke slik at det får eit tradisjonelt uttrykk.

Nokre døme

Dixieland og New Orleans-jazz

Swing

Bebop

Mainstream

Instrumentalar

Kjelder

  1. «Jazzstandard» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Body and Soul (1930)». JazzStandards.com. 2012. Henta 22. september 2014.