Jochen Danneberg | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 9. april 1953 (71 år) Halberstadt |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1976 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1976 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1980 – Normalbakke |
Jochen Danneberg (fødd 9. april 1953) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Halberstadt, som representerte Aust-Tyskland. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka både i 1976 og 1977. Hans største enkeltbragd er OL-sølvet i normalbakken frå OL 1976 i Innsbruck. Danneberg vart austtysk meister i normalbakken i 1976 og 1979.
Danneberg debuterte i hoppveka 1972/73 med ein femteplass under nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen. Under hoppveka året etter fekk han med seg to niandeplassar, medan han i januar 1975 som best nådde å verte nummer sju i Innsbruck.
Danneberg vann hoppvekerennet i Innsbruck i 1976, han fekk då i alt tre pallplasseringar i hoppveka, der han til sist stod som sigerherre. Nokre veker etter deltok han i hopptevlingane under vinter-OL i nemnde Innsbruck. Her vann Danneberg sølvmedaljen i normalbakken, bakom landsmannen Hans-Georg Aschenbach, rennet fann stad i Seefeld. Danneberg vart så nummer fire i storbakken Bergisel i sjølve Innsbruck. Seinare i OL-sesongen vann han hopprennet i Svenska skidspelen framom norske Johan Sætre, eit renn som vart avvikla over ein omgang.
Også i 1977 vart Danneberg vinnar av hoppveka. Han vann rennet i Garmisch-Partenkirchen og kunne også klive på pallen i to andre hoppvekerenn. Nyårsdag 1978 makta Danneberg å kopiere sigeren i Garmisch-Partenkirchen frå året i førevegen. Han vart så nummer åtte i begge renna under ski-VM 1978 i Lahti. Danneberg oppnådde to pallplassar i enkeltrenn i hoppveka 1978/79, samanlagt vart han nummer tre i hoppveka.
Danneberg vann opningsrennet i hoppveka i Oberstdorf i desember 1979, føre Hubert Neuper frå Austerrike. Seinare i sesongen gjekk det mindre bra, og under vinter-OL 1980 i Lake Placid kom han på 20. plass i normalbakken. Han la opp i 1981.
1950-talet | 1952/53: Sepp Bradl • 1953/54: Olaf B. Bjørnstad • 1954/55: Hemmo Silvennoinen • 1955/56: Nikolaj Kamenskij • 1956/57: Pentti Uotinen • 1957/58: Helmut Recknagel • 1958/59: Helmut Recknagel • 1959/60 Max Bolkart |
---|---|
1960-talet | 1960/61: Helmut Recknagel • 1961/62: Eino Kirjonen • 1962/63: Toralf Engan • 1963/64: Veikko Kankkonen • 1964/65: Torgeir Brandtzæg • 1965/66: Veikko Kankkonen • 1966/67: Bjørn Wirkola • 1967/68: Bjørn Wirkola • 1968/69: Bjørn Wirkola • 1969/70: Horst Queck |
1970-talet | 1970/71: Jiří Raška • 1971/72: Ingolf Mork • 1972/73: Rainer Schmidt • 1973/74: Hans‑Georg Aschenbach • 1974/75: Willi Pürstl • 1975/76: Jochen Danneberg • 1976/77: Jochen Danneberg • 1977/78: Kari Ylianttila • 1978/79: Pentti Kokkonen • 1979/80: Hubert Neuper |
1980-talet | 1980/81: Hubert Neuper • 1981/82: Manfred Deckert •
1982/83: Matti Nykänen • 1983/84: Jens Weißflog • 1984/85: Jens Weißflog • 1985/86: Ernst Vettori • 1986/87: Ernst Vettori • 1987/88: Matti Nykänen • 1988/89: Risto Laakkonen • 1989/90: Dieter Thoma |
1990-talet | 1990/91: Jens Weißflog • 1991/92: Toni Nieminen • 1992/93: Andreas Goldberger • 1993/94: Espen Bredesen • 1994/95: Andreas Goldberger • 1995/96: Jens Weißflog • 1996/97: Primož Peterka • 1997/98: Kazuyoshi Funaki • 1998/99: Janne Ahonen • 1999/2000: Andreas Widhölzl |
2000-talet | 2000/01: Adam Malysz • 2001/02: Sven Hannawald • 2002/03: Janne Ahonen • 2003/04: Sigurd Pettersen • 2004/05: Janne Ahonen • 2005/06: Janne Ahonen & Jakub Janda • 2006/07: Anders Jacobsen • 2007/08: Janne Ahonen • 2008/09: Wolfgang Loitzl • 2009/10: Andreas Kofler |
2010-talet | 2010/11: Thomas Morgenstern • 2011/12: Gregor Schlierenzauer 2012/13: Gregor Schlierenzauer • 2013/14: Thomas Diethart • 2014/15: Stefan Kraft • 2015/16: Peter Prevc • 2016/17: Kamil Stoch • 2017/18: Kamil Stoch • 2018/19: Ryōyū Kobayashi • 2019/20: Dawid Kubacki |
2020-talet |