Johfiyeh | |||
جحفية | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Irbid guvernement | ||
Høgd | 794 moh. | ||
Koordinatar | 32°29′21″N 35°49′35″E / 32.48917°N 35.82639°E | ||
Areal | 4 km² | ||
Folketal | 4 000 (2008)[1][2] | ||
Folketettleik | 1 000 / km² | ||
Grunnlagd | 3000 fvt. | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
![]() Johfiyeh 32°29′21″N 35°49′35″E / 32.489166666667°N 35.826388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Johfiyeh | |||
Nettstad: http://www.irbid.gov.jo/ | |||
Johfiyah, Johfiyeh, Juhfiyah eller Juhfiyeh (arabisk جُحفية) er ein historisk og arkeologisk landsby nord i Jordan, 80 kilometer nord for hovudstaden Amman, kring 7,5 km sørvest for byen Irbid (Arabialla). Han har kring 4000 innbyggjarar.
Den vesle landsbyen har vore busett frå steinalderen til Det osmanske riket, og var ein av dei store byområda fram til dei ti romerske festningsbyane Dekapolis oppstod i romartida. Ein trur at dei fleste av dei historiske ruinane og bygningane kollapsa i eit jordskjelv som råka regionen i 747 evt. og i jordskjelv som følgde seinare.
Johfiyah ligg strategisk til på ein ås oppom fjellsletta Hauran, med utsyn mot Golanhøgdene, fjellet Hermon og Genesaretsjøen, i tillegg til foten av fjella i Ajloun i sør.
Under omajadane, trur ein at dei omajadiske herskarane kom til Johfiyeh for å jakte i den vene naturen. Ein har funne mange glastøy og keramikk frå omajadane i området.
Johfiyeh vart mindre viktig etter at senteret av det islamske kalifatet vart flytta til Bagdad.
Johfiyeh er nemnt i osmanske skattelister, som tyder at han framleis var busett fram til våre dagar.