John Strachan | |||
Fødd | 1875 | ||
---|---|---|---|
Død | 1958 (83 år) | ||
Opphav | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Verka som | bonde |
John Strachan (1875–1958) var ein skotsk gardbrukar og songar av bothy-balladar som inkluderte fleire gamle og innverknadsrike versjonar av kjende songar frå Child Ballads. Han hadde eit stort repertoar av tradisjonelle songar, og songen hans blei spelt inn av samlarar som James Madison Carpenter, Alan Lomax og Hamish Henderson.
John Strachan blei fødd på garden Crichie nær St. Katherines i Aberdeenshire. Far hans hadde gjort seg rik ved å handla med hestar, og hadde leidd garden. Frå 1886 gjekk John på Robert Gordon's College i Aberdeen. I 1888 flytta han saman med faren sin til Craigies i Tarves. I 1895 flytta han tilbake til Crichie, som blei hans eigen gard i 1897. Garden blei framleis leigd, men Strachan kjøpte han i 1918. I 1939 var han vellukka nok til å eiga fem gardar. Han blei president for Turriff Agricultural Association. Han levde livet ut i Crichie.
John Strachan var ein tradisjonsberar på fleire felt, og gjorde fleire opptak med Hamish Henderson der han formidla både songar og minne.[1] Han var ein av dei siste generasjonane som song tradisjonelle songar i bothyar, i lag med Davie Stewart, Jimmy MacBeath og Willie Scott, sjølv om han såvidt ein veit aldri møtte dei. Ein danselærar kom til gards, og gardsarbeidarane lærte å dansa highland fling og sverddans. På den tida blei desse utført i harde sko, og John hadde mykje motvilje mot den seinare skikken med å framføra highland-dans i mjuke sko. Han lærte tradisjonelle songar av mor si og av tenarane på garden til faren. Han hadde høgare samfunnsstatus enn nesten alle andre balladesongarane som er spelte inn. Han kjende til den hemmelege brorskapen for hestekarar kalla «The Horseman's Word», som skulle gje mystisk kunnskap om å kontrollera hestar, men var aldri medlem.[2]
I 1930 kom den amerikanske folkeminnesamlaren James Madison Carpenter frå Harvard med ein vokssylinderopptakar. Han nådde Crichie kring midnatt. Strachan song «Dark and Shallow Water» for Carpenter. Strachan hadde lært sangen frå Jimmy Smith. Seinare reiste dei begge over 50 miles for å finna Smith, berre for å oppdage at han hadde gløymt songen. Carpenter vart nok imponert av Strachan til å invitera han til å vera med tilbake til USA med han, men han nekta. I 1935 blei det sendt eit radioprogram, The Farm Year, live frå Crichie. Det brukte songar, historier og autentiske lydeffektar som sekkepiper og rusande bilar til å dramatisera gardsarbeidet. John Strachan og ein annan songar, Willie Kemp, tok del i programmet. John Mearns song «The Bonnie Lass o' Fyvie» på det.
Fyvie ligg kring 3 miles unna Crichie. 16. juli 1951 song John Strachan songen for Alan Lomax, som spelte han inn med ein berbar lydbandopptakar. Dette er den eldste innspelinga av songen. Nokre av opptaka som blei gjort det året blei gjevne ut kommersielt på Folk Songs of Britain i 1960, men den mest fullstendige versjonen kom ut i 2002 på albumet Songs from Aberdeenshire. Dei er fine døme på den skotske dialekten dorisk.[3]
Strachan hadde eit imponerande repertoar av songar som hadde var blitt munnleg overlevert, truleg i same område, i over 200 år. Dette inkluderte mange av dei kjende Child-balladane som «Binnorie»,[4] «Clyde's Water»,[5] «Robin Hood and Little John»,[6] «Johnnie O Braidislie»,[7] «The Beggar Man»,[8] «Glenlogie»,[9] «The Laird O Drum»,[10] «Lang Johnnie More»,[11] «The Mother's Malison»,[12] «The Farmer's Son»,[13] «Keech i Creel»,[14] «Bonnie Baby Livingston»,[15] «Fair Rosie Ann»,[16] «Four Marys»[17] «The Bonnie Hoose O Airlie»[18] og «The Knight and the Shepherd's Daughter».[19]
Steeleye Span spelte inn hans versjon av «The Knight and the Shepherd's Daughter» som «The Royal Forester» på albumet Below the Salt i 1972.
Bob Dylan spelte inn Strachan sin versjon av «Peggy O» som «Pretty Peggy-O» på det fyrste albumet sitt i 1962. Simon og Garfunkel spelt hann inn i 1964 til albumet Wednesday Morning 3AM. Det skotske bandet The Corries spelte han inn i 1965. På albumet synge Strachan «Lang Johnnie More», med 43 vers, i nesten 13 minuttar, til melodien til «Caul Kail in Aberdeen». Like etter sa han: «Noo it's too long that» (‘Nei, det der er for langt’). Strachan må ha kjend til mange skitne songar, men verkar ikkje har vore villig til å synga dei. Han delte eit stykke av «The Ball of Kirriemuir», òg kjend som «Twenty Four Virgins Went Up to Inverness». På slutten sa han: «It's a terrible een» (‘Det er ein forferdelig ein’).