Journalistikk er arbeidet med å dokumentere hendingar i samtida. Ein journalist si oppgåve er å samle saman informasjon og nå folk gjennom forskjellige media. Det kan vere å gjere informasjon, politikk eller kultur offentleg, å halde ein kritisk debatt om samfunnet og samtida, legge eit press på makthavarane i samfunnet og utøve kritikk mot andre media og journalistar. Media blir difor ofte kalla den fjerde statsmakt.
Kvar dag strøymer det inn med tips til redaksjonen i ei avis, radio- eller TV-stasjon. Då er journalisten sin jobb å vurdere kva som er viktig. I ei kommersiell medieverd vil dette også vere ei vurdering av kva som sel best. Difor vel redaksjonen ut kva nyhende som skal veljast ut frå nokre krav: